Stephen William Hawking (8.
januar">8. januar 1942–14. mars 2018) var ein engelsk teoretisk fysikar, astrofysikar og matematikar.
Hawking har vore professor i matematikk ved Cambridge University sidan 1980. Hawking vart 20 år gamal råka av ein ulækjeleg og progressiv nevromotorisk sjukdom, som òg påverka hjernefunksjonane. Men han fullførte studia, og med hjelp frå kona, medarbeidarar og studentar har han likevel klart å formidle verdfulle idear og utforme nye teoriar av stort verd innan sine felt.
Arbeidsområda hans har vore romtid-teorien og særskild dei anomaliane i romtida kalla singularitetar. Sidan 1970 har dei viktigaste undersøkingane hans omfatta gravitasjonskollaps og eigenskapane ved svarte hòl. Seinare har han arbeidd med å formulere ein einskapleg teori for gravitasjonsteori og kvanteteori. Forskinga hans indikerer at svarte hòl ikkje eksisterer æveleg, men snarare «eimar» langsamt bort.
Hawking har skrive fleire populærvitskaplege bøker, mellom anna The Very Early Universe (1983), A Brief Historie of Time. From Big Bang to Black Holes (1988, norsk omsetjing Univers uten grenser, 1988), Black Holes and Baby Universes (1993, norsk omsetjing Svarte hull, baby-universer og andre essays, 1993), The Nature of Space and Time (1996) og The Universe in a Nutshell (2001).
Hawking har fått mange prisar og utmerkingar, mellom anna Einsteinmedaljen 1979, Royal Astronomical Society sin gullmedalje i 1985, Copleymedaljen i 2006 og Presidentens fridomsmedalje frå USA i 2009.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stephen Hawking, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.