Kvanteteori er ein teori i fysikken som føreset at ei rekkje av eigenskapane til materien er kvantiserte, det vil sei at dei berre kan ha særskilde verdiar, som vert endra i sprang og ikkje på ein glidande måte, som til dømes temperatur kan.
Kvanteteorien dannar grunnlaget for den moderne skildringa av atom og elementærpartiklar og for korleis atoma påverkar kvarandre i molekyl, krystall og andre komplekse system. Teorien blir inndelt i fleire disiplinar: kvantemekanikk, relativistisk kvantemekanikk, kvanteelektrodynamikk, kvantefeltteori og kvantestatistikk.
kvanteteori. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kvanteteori
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kvanteteori, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.