Presidentens fridomsmedalje, eng.
Presidential Medal of Freedom, er den eine av USAs to høgaste sivile utmerkingar. Den blir tildelt personar som har ytt eit «særskild meritterande bidrag til den nasjonale tryggleiken eller nasjonale interesser for USA, for verdsfreden eller kulturelle eller andre betydningsfulle offentlege eller private strevnader».[treng kjelde]
Medaljen vart oppretta av president John F. Kennedy i 1963. Den bygger på Fridomsmedaljen, etablert av Harry S. Truman i 1945 for å heidre innsats under andre verdskrigen og for tryggleiksinteressene til USA. President Kennedy utvida med Presidentens fridomsmedalje verkeområdet til utmerkinga til også å gjelde innsats for samfunn, vitskap og kultur. Presidentens fridomsmedalje fekk òg ei anna inndeling enn det Fridomsmedaljen hadde og medaljen fekk heilt ny utforming.
.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Presidentens fridomsmedalje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.