Ein matematikar er ein person med omfattande kunne i matematikk som nyttar denne kunna i arbeidet sitt, særleg for å løyse matematiske problem.
Matematikarar arbeider med tal, data, innsamling, mengd, struktur, rom og endring.
Matematikarar som arbeider med problem utanom rein matematikk vert kalla bruksmatematikarar eller praktiske matematikarar. Bruksmatematikarar er matematiske forskarar som med den spesialiserte kunna si og dei profesjonelle metodane sine prøver å løyse mange av problema ein har i tilknytte vitskaplege område. Med profesjonelt fokus på mange forskjellige problemstillingar og teoretiske system arbeider bruksmatematikarar i hovudsak i studiet og formuleringa av matematiske modellar.
Faget bruksmatematikk omfattar matematiske metodar som typisk vert nytta i forsking, ingeniørvitskap, forretningsverksemd og industri.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Matematikar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.