Retorikk
Retorikk er læra om talekunst.
Retorikk er læra om talekunst. I moderne tid vert retorikken ofte definert som læra om overtaling.

Etymologi
Ordet retorikk kjem via tysk Rhetorik frå latin rhētorica, ei forkorting av ars rhētorica 'talekunst', som er laga etter mønster av klassisk gresk rhētorikḕ tékhnē ῥητορικὴ τέχνη 'talekunst'. Adjektivet rhētorikḗ ῥητορική er avleitt av substantivet rhḗtōr ῥήτωρ 'offentleg talar', ei nomen agentis-avleiing av verbet erō ἐρῶ / *rhéō *ῥέω 'eg talar, eg seier'.
Historie

Retorikken voks fram i antikken, og var opphavleg ein del av dei frie kunstane, og utgjorde saman med grammatikk og dialektikk trivium. Sofistar som Protagoras og Gorgias var mellom dei første retorikarane.
Cicero og Quintilian var framståande representantar for den romerske retorikken.
På 1800-talet vart retorikken oppfatta som gamaldags og mekanisk, men etter andre verdskrigen har interessa auka. Den klassiske retorikken har vorte vidareutvikla med nye innslag frå lingvistikk og kommunikasjonsforsking.
Kjende retorikarar i vår tid er Ernst Cassirer og Kenneth Burke.
Retoriske termar og omgrep
Ulike taleartar
I klassisk retorikk:
Genus iudiciale - rettstalar - talaren skuldar eller forsvarar einkvan om gjerningar gjort i fortid.
Genus deliberativium - politiske talar - talaren tek stilling i ei sak med delte meiningar. Analyse, råd om framtida.
Genus demonstratium - festtalar - talaren vil gjere publikum venleg eller kritisk innstilt til einkvan. Notidig.
Å overtyde
I retorikken kan ein overtyde på ulike måtar:
Dosere - «å undervise», talaren vender seg til publikums logos («fornuft») ved hjelp av argument.
Delectare – «å velhage», talaren får lyttaren venlegstemt med sjarm og tiltru - etos.
Movere – «å røyve», talaren vekkjer patos, «sterke kjensler», hjå publikum.
5 arbeidsstadium
Ifølgje Cicero er dei fem arbeidsstadia:
Intellectio – Å skjøne. Talaren analyserer emnet og språksituasjonen.
Inventio – Å finne. Talaren samlar stoff og argument pro et contra.
Dispositio – Å ordne. Talaren ordnar dei ulike elementa i talen.
Elocutio – Å formulere. Talaren fyller disposisjonen med innhald og velvalde ord.
Memoria – Å hugse. Talaren lærer innhaldet utanåt.
Actio – Å framføre. Stemmebruk, gestar og mimikk.
Disposisjon av talen
I klassisk retorikk deler ein talen i ulike delar, dispositio.
Exordium – Innleiing, kort presentasjon av emnet, og forsøk på å oppnå Captatio benevolentiae, «vinnande velvilje» hjå lyttaren.
Narratio – Forteljing, gjer kort greie for bakgrunnsinformasjon, som grunnlag forr den komande argumentasjonen.
Propositio – Framstilling, talaren presenterer tesen som talaren i framhaldet av talen vil argumentere for.
Argumentatio – Argumentasjon, talaren forsvarer tesen med hjelp av argument. Han tek til med probatio, «prov», det vil seie at han presenterer argument for tesen, for så å halde fram med refutatio dvs. avvising av eventuelle motargument.
Peroratio – Avslutting, gjerne med racapitulatio, d.v.s. eit «samandrag» av argumentasjonen som talen inneheld
Språklege verkemiddel
I den klassiske retorikken kan ein forbetre talen, elocutio, ved å nytte tropar og figurar:
Tropar
- Hyperbol - overdriving («Evert Taube høyrer heime i alle norske hjarte»)
- Samanlikning - («Du er som ei rose»)
- Litotes - underdriving («Det var ikkje spesielt festleg å høyre»)
- Metafor - («Du er ein knupp»)
- Metonymi - («Han les Strindberg»)
- Pars pro toto - delen i staden for heilskapen («eit klokt hovud»)
Figurar
- Anafor - gjentaking av same ord i byrjinga av ei utsegn (Luther King; «Eg har ein draum... Eg har ein draum....»)
- Antitese - motsette tankar eller omgrep vert sette opp mot kvarandre.
- Exclamatio - utrop.
- Interrogatio - retorisk spørsmål
- Ironi - å seie noko anna enn det ein meiner, ofte med eit islett av spott
- Klimaks - stigning, slik at siste lekken utgjer eit høgdepunkt
- Oksymoron - fornuftig galskap,
- Trikolon - («veni vidi vici»)
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Retorikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
In other languages:
- Afrikaans: Retoriek - Wiki Afrikaans
- Alemannisch: Rhetorik - Wiki Alemannisch
- Aragonsk: Retorica - Wiki Aragonés
- Arabisk: بلاغة - Wiki العربية
- Asturisk: Retórica - Wiki Asturianu
- Aserbajdsjansk: Ritorika - Wiki Azərbaycanca
- Søraserbajdsjansk: بلاغت - Wiki تۆرکجه
- Kviterussisk: Рыторыка - Wiki беларуская
- Belarusisk (klassisk ortografi): Рыторыка - Wiki беларуская (тарашкевіца)
- Bulgarsk: Реторика - Wiki български
- Bengali: অলঙ্কারশাস্ত্র - Wiki বাংলা
- Bretonsk: Retorik - Wiki Brezhoneg
- Katalansk: Retòrica - Wiki Català
- Sorani: ڕەوانبێژی - Wiki کوردی
- Tsjekkisk: Rétorika - Wiki čeština
- Walisisk: Rhethreg - Wiki Cymraeg
- Dansk: Retorik - Wiki Dansk
- Tysk: Rhetorik - Wiki Deutsch
- Gresk: Ρητορική - Wiki Ελληνικά
- Engelsk: Rhetoric - Wiki English
- Esperanto: Retoriko - Wiki Esperanto
- Spansk: Retórica - Wiki Español
- Estisk: Retoorika - Wiki Eesti
- Baskisk: Erretorika - Wiki Euskara
- Persisk: بلاغت - Wiki فارسی
- Finsk: Retoriikka - Wiki Suomi
- Fransk: Rhétorique - Wiki Français
- Friulisk: Retoriche - Wiki Furlan
- Galisisk: Retórica - Wiki Galego
- Gujarati: વાકછટા - Wiki ગુજરાતી
- Hebraisk: רטוריקה - Wiki עברית
- Hindi: व्याख्यान शास्त्र - Wiki हिन्दी
- Kroatisk: Grčka retorika - Wiki Hrvatski
- Haitisk: Retorik - Wiki Kreyòl ayisyen
- Ungarsk: Szónoklattan - Wiki Magyar
- Armensk: Հռետորություն - Wiki հայերեն
- Indonesisk: Retorika - Wiki Bahasa Indonesia
- Ido: Retoriko - Wiki Ido
- Islandsk: Mælskufræði - Wiki íslenska
- Italiensk: Retorica - Wiki Italiano
- Japansk: 修辞学 - Wiki 日本語
- Georgisk: რიტორიკა - Wiki ქართული
- Karakalpakisk: Ritorika - Wiki Qaraqalpaqsha
- Kasakhisk: Риторика - Wiki қазақша
- Khmer: សិល្បៈប្រើវោហារបង្ហូរគំនិត - Wiki ភាសាខ្មែរ
- Koreansk: 수사학 - Wiki 한국어
- Kirgisisk: Риторика (лингвистика) - Wiki кыргызча
- Latin: Ars rhetorica - Wiki Latina
- Ladino: Retorika - Wiki Ladino
- Limburgisk: Retorica - Wiki Limburgs
- Litauisk: Retorika - Wiki Lietuvių
- Latvisk: Retorika - Wiki Latviešu
- Makedonsk: Реторика - Wiki македонски
- Mongolsk: Реторик - Wiki монгол
- Malayisk: Retorik - Wiki Bahasa Melayu
- Nederlandsk: Retorica - Wiki Nederlands
- Norsk bokmål: Retorikk - Wiki Norsk bokmål
- Oksitansk: Retorica - Wiki Occitan
- Panjabi: ਵਖਿਆਨ-ਕਲਾ - Wiki ਪੰਜਾਬੀ
- Polsk: Retoryka - Wiki Polski
- Pashto: بلاغت - Wiki پښتو
- Portugisisk: Retórica - Wiki Português
- Rumensk: Retorică - Wiki Română
- Russisk: Риторика - Wiki русский
- Rusinsk: Реторика - Wiki русиньскый
- Siciliansk: Ritòrica - Wiki Sicilianu
- Sindhi: بلاغت - Wiki سنڌي
- Serbokroatisk: Реторика - Wiki Srpskohrvatski / српскохрватски
- Enkel engelsk: Rhetoric - Wiki Simple English
- Slovakisk: Rétorika (rečnícke umenie) - Wiki Slovenčina
- Slovensk: Retorika - Wiki Slovenščina
- Albansk: Retorika - Wiki Shqip
- Serbisk: Реторика - Wiki српски / srpski
- Sundanesisk: Retorik - Wiki Sunda
- Svensk: Retorik - Wiki Svenska
- Swahili: Balagha - Wiki Kiswahili
- Tamil: சொல்லாட்சிக் கலை - Wiki தமிழ்
- Tadsjikisk: Балоғат (суханварӣ) - Wiki тоҷикӣ
- Thai: วาทศาสตร์ - Wiki ไทย
- Tagalog: Sayusay - Wiki Tagalog
- Tyrkisk: Retorik - Wiki Türkçe
- Tatarisk: Риторика - Wiki татарча / tatarça
- Ukrainsk: Риторика - Wiki українська
- Urdu: بلاغت - Wiki اردو
- Usbekisk: Ritorika - Wiki Oʻzbekcha / ўзбекча
- Vietnamesisk: Tu từ học - Wiki Tiếng Việt
- Waray: Retorika - Wiki Winaray
- Wu: 修辞学 - Wiki 吴语
- Mingrelsk: რიტორიკა - Wiki მარგალური
- Kinesisk: 修辞学 - Wiki 中文
- Minnan: Siu-sû-ha̍k - Wiki Bân-lâm-gú
- Kantonesisk: 修辭學 - Wiki 粵語