Samtale

Samtale er ein kommunikasjon med ord, der to eller fleire personar talar saman.

Samtalar er viktig for at menneske skal forstå kvarandre, og at vi skal få skildra kva vi tenkjer og følar.

Ulike typar samtalar

  • Dialog – der kvar av partane i tillegg til å formidla eigen bodskap, synspunkt, tankar og kjensler, lyttar til motparten. Dialogen er karakterisert ved at ein i utgangspunktet har ein prinsipiell vilje til å la seg påverka av kva motparten seier og la seg forandra av den motparten seier.
  • Debatt – ei form for verbal brytekamp eller slåsskamp der målet er å vinna tilslutninga til tilhøyrarane til eiga overtyding.
  • Diskusjon – ein samtale der målet i alle fall til dels er å få fram sit eige syn på ei sak best mogleg og vinna tilslutninga til motstandaren til eller underkasting under denne
  • Krangel – ein kjensleladd diskusjon som involverer kjensler av motvilje mot motparten og synspunkta til motparten. Samanlikna med diskusjonen dominerer dei emosjonelle elementa i ein krangel.
  • Småprat – der samtaleemnet ikkje naudsynleg er viktig, men der fellesskapet, relasjonen, samværet og kontakten eller kontaktsøkningen mellom dei samtalande partane er sjølve funksjonen og føremålet med samtalen. Typiske tema er i norsk samanheng vore eller når bussen kjem.
  • Fortruleg samtale – til dømes mellom nære vener, eller mellom ein psykiater/terapeut/lege og ein klient eller mellom prest/sjelesørger og den sjelesorgsøkande.
  • Minglesamtale er «samtalar mellom menneske som ikkje kjenner kvarandre spesielt godt, og emna ein snakk om påverkast av dette».
  • Pinglesamtale er «samtalar mellom menneske der ein av partane er redd den andre parten».[treng kjelde]

Samtalekunst i antikken og i den etterefølgende europeiske tradisjon

I den akademiske tradisjonen i den vestlege verda, med røter antikken sin Hellas, har samtalekunst vorte rekna som ein av dei sju frie kunstar, ved sida av blant annan retorikk. Medan retorikk dreiarar seg om talekunst og veltalenhet, handlar samtalekunsten – dialektikken om å føra dialogar. Dialogen har ein annan funksjon og føremål ein den retoriske talen, og retorikk og dialektikk (samtalekunst) er såleis to ulike ting.

Referansar

Tags:

Kommunikasjon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tatjana TomasjovaSystem of a DownThomas JeffersonLemmingA Collection of Great Dance Songs2019Det første krosstogetJernJantelovenSeladonPeter ŠťastnýBjørnEddiksyreTsjekkoslovakiaEmma WatsonNasjonaldagJohan BojerArian EngebøWikimediaPetter Eide918Ivan KramskojNile RodgersHydrogenBiologisk familieNorrøntEuropiumAluminiumFylkesveg 751 (fleirtyding)JordaBrad PittInformasjonskapselParisSlaveStand by MeSionist11. februarRussisk litteraturDen sørlege vasslangenJacob Tullin ThamsAtomvåpenAskSåmaskinKrøllparentesDeAnna PriceTriasHellasOrbitalMaiken Caspersen FallaNatriumOlivia RodrigoUSAElektrostatisk generatorTunisiaJerusalemElvis PresleyMarcus & MartinusMogopGunnhild SundliKopplamHarald V av NoregAftonbladetAnimismeSylvi ListhaugTidvatnGiroDen dominikanske republikkenURLLaurdagSovjetunionenJordskorpeplateErik HöglundWikiLittle WalterWayback Machine🡆 More