Antikken

Antikken, som òg vert kalla den klassiske oldtida, er eit samleomgrep for dei greske og romerske kulturane eller sivilisasjonane kring Middelhavet i tida frå om lag 700/500 f.Kr.

(fvt.) til ikring 400 e.Kr (evt.). Antikken vert delt inn i gresk (hellensk) antikk og romersk antikk. Den greske kulturen, som i ein viss mon var påverka av impulsar austfrå, hadde då ei blømingstid i både litteratur, arkitektur, skulptur og anna biletkunst og kunsthandverk. Ettersom kulturen i Romarriket bygde på denne greske kulturen, og i mykje var reine etterlikningar og kopieringar av han, danna han eit grunnlag for at ettertida kunne sjå på heile den antikke perioden med glød og vørdnad som ei slags eining, trass i dei store ulikskapane og det store tidsspennet som låg føre.

Antikken
ParthenonAkropolis i Aten er eit symbol på antikk gresk kultur.
Antikken
Kart over middelhavslanda på 300-talet fvt. Gul farge viser fønikske busetnader, raud viser greske.

Den gløden og vørdnaden for dei gresk-romerske kulturelle draga i antikken som oppstod i Vest-Europa under renessansen på 1300-talet, og under dei kulturelle rørslene og omveltingane på 1700- og 1800-talet, har påverka språk, politikk, filosofi og rettsvitskap, vitskap, kunst og arkitektur i Europa heilt fram til vår tid. Denne påverknaden frå antikken gjorde seg likeins gjeldande i andre parter av verda gjennom dei europeiske landa sine erobringar og koloniseringar.

Den arkaiske perioden

Ein kan rekna antikken for å ha byrja i samband med overgangen frå bronsealderen til jarnalderen i noverande Hellas rundt år 1000 fvt. Ein kan også ta med den egeiske høgkulturen på Kreta og i Hellas i 2. tusenåret fvt.

Fønikarane, kartagarane og assyrarane

Fønikarar spreidde seg ut frå hamner i Kanaan-regionen, og på 700-talet fvt. dominerte dei handelen i Middelhavet. Kartago vart grunnlagd i 814 fvt., og kartagarane hadde festningsverkSicilia og den italienske halvøya og på Sardinia, noko som førte til interessekonflikter med etruskarane.

Ein stele funnen på Kypros fortel om ein siger for Assyria under Sargon II i år 709 fvt. over dei sju småkongane på øya. Rika på Kypros var framleis vasallar under bystaten Tyr i noverande Libanon, som igjen var underlagt Assyria, men hendinga var ei byrjing på ei frigjering for øya.

Hellas

Antikken 
Vase i raudfigur-stilen.

Den arkaiske perioden i Hellas følgde «dei mørke hundreåra». Denne tida såg viktige utviklingar innan politisk filosofi, demokrati, filosofi, teater og poesi. Skriftspråket vart revitalisert etter å ha vore tapt under dei mørke hundreåra.

Innan pottemakarkunst utvikla ein den orientaliserande stilen, eit skifte frå den tidlegare geometriske stilen med linjer, siksakmønster, meanderband, sirklar og stiliserte figurar. Stilen hadde påverknader frå Egypt, Fønikia og Syria.

Keramikkstilar knytte til den siste delen av den arkaiske perioden er svartfigurkeramikken, som oppstod i Korint på 600-talet, og den seinare raudfigurstilen utvikla av Andokides-målaren rundt 530 f.Kr.

Det romerske kongedømmet

Det romerske kongedømmet:
Dei første arkeologiske spora etter busetnadar ved Forum Romanum, er frå midten av 700-talet fvt., men busetnadar på Palatinerhøgda kan vera frå 900-talet fvt. Den sjuande og siste kongen av Roma var Tarquinius Superbus.

Den klassiske perioden i Hellas (400-talet-300-talet fvt.)

Den hellenistiske perioden (323–146 fvt.)

Sjå òg

Kjelder

Antikken  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Antikken Den arkaiske periodenAntikken Den klassiske perioden i Hellas (400-talet-300-talet fvt.)Antikken Den hellenistiske perioden (323–146 fvt.)Antikken Sjå ògAntikken KjelderAntikkenFvt.Hellas i antikkenKlassiskMiddelhavetOldtidRomarriket

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Marcus & MartinusISBNVólosMMahatma GandhiFrozenOmanbuktaLProgrammeringsspråket JavaEtanAspropótamos i TríkalaArian EngebøNautisk milTerje StrømdahlKardítsaFossekallBygdedyretFolkestyreKristian ØdegårdAtle HansenInkarikets fallOslo Øst fotballSovjetunionenLysVoss heradVaterbordVictoria av StorbritanniaDet engelske herrelandslaget i fotballFinnøyMax CarlLímni PlastíraFlorøMidsommarMusculus latissimus dorsiDet tredje riketTyrkiaHypertrofiOrganistNasjonaldagHar SedomFranz LisztTalordSoltidSofie MarhaugVossamålLemmingIranDonald TrumpBjørnøyaNato-alfabetetIslandElektronikkFilmserien Harry PotterCarles PuigdemontNakenskapHåvard RemBjørnstjerne BjørnsonRimBlåbærJamstellingsvedtaketFeilslutningNorske dialektarSunndalsøraKenth EldebrinkPalamásEllen DeGeneresMegawattHans Majestet Kongens GardeEyvind JohnsonKjerringa med stavenFelix MendelssohnSamleieTorvastad IdrettslagNo-drama🡆 More