Fønikia var ein semittisk sivilisasjon som i oldtida låg langs kysten av det som i dag er Syria og Libanon, nord i det gamle Kanaan, mellom Libanonfjella og Middelhavet.
Dei fønikiske handelsrutene gjekk frå hamnebyane Sidon, Byblos og Tyr og førte varer og fønikisk kultur til Kypros, Kreta, Kartago og andre stader ved Middelhavet.
Fønikia var ein maritim handelskultur som spreidde seg rundt om i Middelhavet i det første årtusenet før vår tidsrekning. Folket som levde i Fønikia, kalla seg sjølv Kananene, mens namnet Fønikia er danna av det greske Foiniki - Φοινίκη, «det raude folket», etter ordet foinos som tyder «raud», fordi fargestoffa purpur og karmosinraudt vart produsert der.
Fønikarane la tuftene til byen Karthago, som etter kvart vart ein stormakt og erobra dei andre koloniane til fønikarane i det vestlege Middelhavet. Seinare vart byen øydelagt av romarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fønikia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.