Kanaan er eit namn mellom anna frå det gamle testamentet på landet vest om Jordanelva.
Seinare vart eit nokolunde tilsvarande område kjend som Palestina. Namnet Kanaan er òg kjend frå eldre egyptiske kjelder, og landet høyrde til tidvis antikkens Egypt. Landet var folkesett av kanaanittar.
For israelittane var Kanaan «det lova landet», det som Gud lova dei på Abraham si tid. Kannan var òg namnet på landet dei kom att til etter å ha vandra i førti år ut av Egypt.
I Evangeliet etter Matteus er ei kanaaneisk kvinne nemnt i det 15. kapitlet; ordforklaringa seier at kanaanearane var det heidenske folket som budde langs kysten ved Middelhavet nord for Palestina.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kanaan, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.