Etruskarane var eit folk som levde i det antikke Italia og Korsika frå 700-talet f.Kr.
Dei budde i Etruria i noverande Toscana og nordlege Latium, og snakka etruskisk. Roma var truleg prega av etruskarar i byrjinga, og etruskisk kultur har derfor hatt stor påverknad på Romarriket og ettertida.
Det var romarane som kalla etruskarane Etrusci eller Tusci. Det attisk greske ordet for dei var Tyrrhēnioi (Τυρρήνιοι), noko som gav latinsk Tyrrhēni for etruskarane og Tyrrhēnum mare for havområdet no kjend som Det tyrrenske havet. Sjølv kalla folket seg rasenna, ifølge Dionysios frå Halikarnassos, I.30.3.
Etruskarane hadde si største utbreiing i førstetida til Roma og under det romerske kongedømet. Dei hadde tre byforbund: Av Etruria, av Podalen med dei austlege Alpane, og av Latium og Campania. Medan Roma låg i etruskisk område og opphavleg hadde mykje etruskisk kultur, blei etruskarane gradvis tekne opp i det italiske Roma i løpet av Den romerske republikken.
| |
Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå {{{1}}} enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |
[[kategori:artiklar på {{{1}}}]]
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Etruskarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.