Thomas Andrew Dorsey (1.
juli">1. juli 1899–23. januar 1993) var ein amerikansk musikar, komponist og forkynnar som hadde stor innverknad på utviklinga av tidleg blues og gospelmusikk på 1900-talet. Han skreiv over 3000 songar, ein tredjedel av dei gospelsongar, mellom anna «Take My Hand, Precious Lord» og «Peace in the Valley». Innspelingar av desse har selt millionar av eksemplar både innan gospel- og sekulære samanhengar.
Thomas A. Dorsey | |||
Fødd | 1. juli 1899 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Villa Rica | ||
Død | 23. januar 1993 (93 år) | ||
Dødsstad | Chicago | ||
Fødenamn | Thomas Andrew Dorsey | ||
Alias | Georgia Tom, Memphis Mose | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1924–1993 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Gennett | ||
Verka som | jazzmusikar, pianist, låtskrivar, gospelmusiker | ||
Prisar | Grammy Trustees Award |
Dorsey var fødd på landsbygda i i Georgia. Han voks opp i ein religiøs familie, men fekk det meste av den musikalske erfaringa si gjennom å spela i såkalla barrelhouses (juke joints) og på festar i Atlanta. Han flytta til Chicago og blei ein dugande komponist og arrangør av jazz og vaudevillemusikk nett på den tida då blues var i ferd med å bli populært. Dorsey blei kjend som akkompagnatør for Ma Rainey på turné under namnet «Georgia Tom», og hadde suksess med innspelingar med gitaristen Tampa Red.
Etter ei åndeleg vekking byrja Dorsey å fokusera på å skriva og arrangera religiøs musikk. Bortsett frå teksten så han ikkje nokon eigentleg skilnad mellom blues og kyrkjemusikk, og så på songar som eit supplement til talte preiker. Dorsey var musikalsk leiar ved Pilgrim Baptist Church i Chicago i 50 år, og innførte musikalsk improvisasjon og personleg deltaking som klapping, tramping og roping i kyrkja på ei tid då dette vanlegvis var rekna som dårleg og forkasteleg oppførsel. I 1932 var han med på å skipa National Convention of Gospel Choirs and Choruses, ein organisasjon laga for å trena musikarar og songarar frå heile USA. Den fyrste generasjonen kjende gospelsongarar frå 1900-talet arbeidde med eller blei lærte opp av Dorsey, mellom anna Sallie Martin, Mahalia Jackson, Roberta Martin og James Cleveland.
Forfattaren Anthony Heilbut sa om påverknaden til Dorseyat han "combined the good news of gospel with the bad news of blues". Dorsey er blitt kalla «far til gospelmusikken» og ofte gjeven æra for å ha skapt han, men kan rettare seiast å ha gjeve opphav til ei rørsle som gjorde gospel-blues utbreidd i afroamerikanske kyrkjer i USA, og vidare påverka amerikansk musikk og delar av samfunnet elles.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Thomas A. Dorsey, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.