Sicilia er ein autonom region i Italia, og den største øya i Middelhavet.
Regionen har ei flatevidd på 25 711 km², og 5,0 millionar innbyggjarar.
Siciliana | |||
region | |||
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Palermo | ||
Areal | 25 711 km² | ||
Folketal | 4 983 478 (2019) | ||
Sicilia 37°36′00″N 14°00′55″E / 37.599958333333°N 14.015377777778°E | |||
| |||
Wiki Commons: Sicily | |||
Regionshovudstaden er Palermo, og provinshovudstadane er Catania, Messina, Siracusa, Trapani, Enna, Caltanissetta, Agrigento og Ragusa.
Vulkanen Etna ligg i nærleiken av Catania. Mot nord ligg dei eoliske øyane, mot vest Egadiøyane, mot nord-vest Ustica og mot sørvest dei pelagiske øyane. Alle desse øyane er administrativt del av regionen Sicilia.
Sicilia har lenge vore rekna som Italia sitt kornkammer. Andre viktige jordbruksprodukt er oliven og vin. Svovelgruver kring Caltanissetta gav gode innkomer i det på 1700-talet, men gruvedrift har det vorte gradvis mindre av sidan 1950-talet.
Øya har eit nettverk av motorvegar, og eit jarnvegnett drive av det statlege selskapet Trenitalia.
Det er to internasjonale flyplassar: Palermo internasjonale flyplass og Catania-Fontanarossa flyplass. Det finst mindre flyplassar i Trapani og på øyane Pantelleria og Lampedusa.
Dei tidlegaste kjende menneska på Sicilia var stammer som av greske forfattarar vart kalla elymarane, sikanarane og sikeliane. Den sistnemnde var den siste gruppa som kom til øya, og høyrer til same folkegruppa som fleire stammer i det sørlege Italia.
Sicilia vart kolonisert av fønikarar, punarar frå Kartago og grekarar frå 900-talet f.Kr. Den viktigaste greske kolonien var Syrakus (i dag Siracusa) i 734 f.kr.; andre greske koloniar var Gela, Akragas (i dag Agrigento), Selinunt, Himera, Megara Hyblaea, Zankle, Leontini, Helorus og Messene. Dei vart oppretta som sjølvstendige bystatar, og utgjorde ein viktig del av Magna Graecia, det greske området som òg omfatta Sør-Italia. Sjølv om byane var sjølvstendige, hadde dei band til opphavsbyen, noko som førte med seg mellom anna athenarane sin sicilianske ekspedisjon under den andre peloponnesarkrigen.
I 1946 vart Sicilia ein autonom region, og i etterkrigstida har det kome store overføringar frå eit fond for utvikling av det sørlege Italia - Cassa per il Mezzogiorno.
Sjølv om italiensk er det offisielle språket, talar dei fleste sicilianarane sitt eige søritalienske språk, siciliansk. Det er eit romansk språk med mange lånord frå arabisk, høgtysk, katalansk, fransk og spansk. Det vert òg tala i Reggio di Calabria og det sørlege Puglia på det italienske fastlandet.
Sicilia er inndelt i ni provinsar:
Regionsflagget er diagonalt delt med raudt over gult, med trinacriasymbolet i midten.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sicilia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.