Hòlemåleri

Hòlemåleri er bergkunst frå førhistorisk tid laga på veggar i hòler og hellerar.

Slike måleri er kjende frå store delar av verda, og nokre av dei er fleire titals tusen år gamle. Dei er dermed blant dei eldste kunstverka i verda.

Hòlemåleri
Holemåleri i Bunjil Shelter i Black Range i Australia.
Hòlemåleri
Holemåleri av bison frå Altamira.
Hòlemåleri
Holemåleri av ridande menneske i Bhimbetka i India.

Til forskjell frå bergkunst i det fri, er hòlemåleri verna frå vêr og vind, slik at fargepigment held seg ved like. Svært ofte er det raud oker blanda med eit bindemiddel som er brukt, men måleria kan også innehlada gul oker, kol, hematitt og manganoksid. Dyr er svært ofte motiv for mange hòlemåleri, og noko sjeldnare menneskefigurar, hender eller abstrakte figurar. Ein finn ofte hòlemåleri i hòler som ikkje blei brukt som bustad og ofte var litt utilgjengelege.

Historie

Hòlemåleri 
Solsemhòla vart oppdaga i 1912.

Dei eldste kjende hòlemåleria er over 40 000 år gamle. Måleri frå Cueva de Nerja i Spania er tidfeste til å vera laga for mellom 43 500 og 42 300 år sidan gjennom karbondatering av kolavsetjingar på golvet. I Cueva de El Castillo har kalsittavsetjingane på eit måleri datert det til å vera meir enn 40 800 år. Desse eldste europeiske holemåleria blei laga under den siste istida. Dette var ei tida då Homo sapiens kom til Europa, men også neandertalarar levde her. Det har derfor vore spekulert i om neandertalarar lagda nokre av måleria, eller om alt blei laga av moderne menneske. Andre særs gamle hòlemåleri i Europa er i Lascaux, La Marche og Chauvet-Pont-d'Arc i Frankrike og Altamira i Spania. Desse verka er mellom 20 000 og 30 000 år gamle. Undersøkingar av Altamira-måleria viser at dei blei lagde til av ei lang rekkje menneske gjennom fleire tusentals år.

Ein kjenner også fleire eldgamle hòlemåleri i Australia. Kolmåleri i Nawarla Gabarnmang er blitt karbondert til 28 000 år sidan. Holekunst i Arnhem Land avbildar dyr som ein reknar med har vore utdøydde i over 40 000 år. Dette tyder på at desse måleria kan vera minst så gamle.

Dei eldste kjende hòlemåleria i Afrika er rundt 28 000 år gamle. Dei er funne i Apollo 11-hòla i Namibia. Desse måleria er laga på lause steintavler som jeger- og sankarfolket som laga dei kan ha bore med seg. I nokre delar av det sørlege Afrika laga ein hòlemåleri heilt fram til 1800-talet.

Solsemhòla på Leka vart oppdaga i 1912, som dei første hòlemåleria i Noreg.

Hòlemåleri i verda

Døme på funnstader frå heile verda.

Afrika

Hòlemåleri 
Symjarar i «Symjehola» i Egypt.
  • Wonderwerk-hola og uKhahlamba/Drakensberg park i Sør-Afrika, mellom anna av menneske.
  • Apollo 11-hola og Twyfelfontein i Namibia
  • Endagulda i Lake Eyasi-regionen og fleire holer og hellerar i Singida-regionen i Tanzania, mellom anna menneske, våpen og dyr som sjiraff. elefant og antilope.
  • Akakus, Mesak Settafet, Tadrart i Libya
  • «Symjarhola» i Gilf Kebir i Saharaørkenen sørvest i Egypt, av menneske som ser ut til å symja.

Amerika

Hòlemåleri 
Painted Cave i Santa Barbara County i California.
  • Holemåleri knytt til chumashfolk i California, mellom anna Burro Flats Painted Cave og Chumash Painted Cave.
  • Serra da Capivara nasjonalpark nordaust i Brasil, mellom anna Pedra Furada.
Hòlemåleri 
Cueva de las Manos i Argentina.
  • Cueva de las Manos ('hand-hola') i Francisco P. Moreno nasjonalpark i Santa Cruz-provinsen i Argentina. Negative hand-stensilar, menneske og dyr som rhea, guanaco og kattedyr, geometriske figurar og sikksakkmønster.

Asia

Hòlemåleri 
Bhimbetka-måleri.

Europa

Hòlemåleri 
Holehyene i Chauvethola.
Hòlemåleri 
Eit av dei mange hòlemåleria i Fingalshòla, ei hòle i ei fjellside ved Tennfjord i Gravvik i Nærøy kommune i Noreg. Måleria er tidfesta til mellom om lag 1500 f.Kr. og 1000 f.Kr. Hòla og måleria vart kartlagt av Vitenskapsmuseet i Trondheim i 1962 og 1963.
  • Lascaux i Frankrike
  • Grotte de Cussac i Frankrike
  • Pech Merle nær Cabrerets i Frankrike
  • La Marche i Lussac-les-Châteaux i Frankrike
  • Chauvethòla nær Vallon-Pont-d'Arc i Frankrike
  • Niauxhòla i Frankrike
  • Cosquerhòla nær Marseilles i Frankrike
  • Font-de-Gaume i Dordogne i Frankrike
  • Altamirahòla nær Santillana del Mar i Cantabria i Spania
  • Cueva de La Pasiega, Cuevas de El Castillo i Cantabria i Spania
  • Coliboaiahola i Romania
  • Maguraholva in Bulgaria.
  • Solsemhòla på Leka i Nord-Trøndelag i Noreg, av fleire dansande menneske.
  • Fingalshòla i Gravvik i Nærøy kommune i Noreg
  • Creswell Crags i Nottinghamshire i England,

Oseania

  • Kakadu i Australia av fisk, skjelpadder, wallaby, pungulv og possum
  • Arnhem Land i Australia, mellom anna av emuaktige fuglar som truleg førestiller den utdøydde kjempefuglen Genyornis
  • Whitsunday Islands i Australia, uvanleg abstrakte bilete

Vitskaplege studiar

Hòlemåleri 
Peter Wilhelm Lund med holemåleri ved Lagoa Santa i Brasil. Måla av med-teiknaren P.A. Brandts rundt 1840.

Då Marcelino Sanz de Sautuola først oppdaga og holemåleri frå magdalénienkulturen i Altamira i 1879, meinte mange samtidige vitskapsfolk at dei var lureri. Seinare studiar viste at måleria verkeleg var laga i eldre steinalder, og stimulerte til ny interesse for denne tida.

Mange hòlemåleri framstiller dyr. Blant funna i Afrika er det vanlegare med menneskefigurar i bilete enn i kunst frå Europa. Dei fleste norske hòlemåleria stammar frå yngre steinalder og følgjer motiv og idéinnhald som også er kjende frå veideristingar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Hòlemåleri  Commons har multimedium som gjeld: Hòlemåleri

Tags:

Hòlemåleri HistorieHòlemåleri i verdaHòlemåleri Vitskaplege studiarHòlemåleri KjelderHòlemåleri BakgrunnsstoffHòlemåleriBergkunstFørhistorisk tidGrotteHellerKunst

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Pannemerke i hinduismenNasjonalplantarBelgiaWayback MachineTiticacaParaguayFirkantfolketSvartedauenSvalbardFrihetens regnLouis PasteurFreddie Mercury1455KiritimatiDeltaOldtidNordland fylkeElon MuskFristaden ChristianiaTidssoneÆrfuglRabagastValladolidRSSMidsommar2024Filmserien Harry PotterThor HeyerdahlRelativitetsteorienCysteSupermannEvangerItaliaBergen kommuneFilippo TuratiJon AlmaasLagerthaAusterrike-UngarnDen normanniske erobringa av EnglandMelhusIndonesiaHalelause padderOppland fylkeLahti-renna 1975Karl X av FrankrikeStareSpaniaTivoli i ItaliaKongo-BrazzavilleLinda EideStord kommuneTørkeScandiumPeloponnesSkulemål i RogalandLatinBeltegrader i judoTrigonometrisk funksjonDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenMGarden KatthultPink FloydWikimediaSløvågLønnTransnistriaBiologisk familieHeidi PetersenSvarthyllMicrosoft WindowsOkhotskhavetSnømyrkreHar SedomPokljuka1454Muscat🡆 More