Vitskapsmuseet

63°25′44.533″N 10°23′14.953″E / 63.42903694°N 10.38748694°E / 63.42903694; 10.38748694

Vitskapsmuseet
Vitskapsmuseet
StadTrondheim kommune
Skipa1926

Vitskapsmuseet
63°25′45″N 10°23′15″E / 63.42916667°N 10.3875°E / 63.42916667; 10.3875

NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim er eit universitetsmuseum under Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) med natur- og kulturhistoriske samlingar og utstillingar. Museet har forskings- og forvaltningsansvar innan arkeologi og biologi i Midt-Noreg. I tillegg driv museet ei omfattende formidlingsverksemd og har utstillingar i tre bygg på Kalvskinnet.

Vitskapsmuseet er ei eiga eining i NTNU, direkte underlagt universitetsstyret på same måte som eit fakultet.

Utstilling

Dei arkeologiske ustillingane viser funn frå stein-, bronse-, jernalderen og vikingtida i Midt-Noreg. I Suhmhuset ligg Trondheims mellomaldermuseum som vart nominert til Årets museum i Europa i 1997.

Vitskapsmuseet har òg ei utstilling som syner unik kyrkjekunst og kyrkjeinventar frå mellomalderen og fram til ca. 1700.

I Gunnerushuset er det utstillingar om natur og miljø, menneske, livet i havet, biologisk mangfald, DKNVS si historie og mykje meir. Museet har ei blanding av langtids- og kortidsutstillingar som stadig blir fornya. I 2010 vart utstillinga Kunnskapslarm 2010 synt i samband med 100-årsjubileet til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og 250-årsjubileet til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Historie

Vitskapsmuseet kan føre si historie attende til 1767, då Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) vart offisielt stifta (då hadde museumsverksemda pågått i sju år). Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab oppretta eigne samlingar, og dette vart etterkvart organisasjonen si hovudoppgåve. DKNVS Museet vart offisielt etablert i 1926 som eiga eining.

I 1968 gjekk DKNVS Museet inn som ein del av det nyetablerte Universitetet i Trondheim (UNIT), og vart seinare døpt om til Universitetet i Trondheim, Vitskapsmuseet (VM).

Sjå òg

  • Gunnerusbiblioteket

Bakgrunnsstoff

Vitskapsmuseet  Commons har multimedium som gjeld: Vitskapsmuseet

Tags:

Vitskapsmuseet UtstillingVitskapsmuseet HistorieVitskapsmuseet Sjå ògVitskapsmuseet BakgrunnsstoffVitskapsmuseet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Willy DeVilleTrønderskLundefuglJonsokEuroFMånenLars BergerHugo HaaseShogunOmanRolf KirkvaagHotel CaliforniaGeorge DukeNaturreligionBrennverdiKnut HolmannNew York PhilharmonicSlaget om StalingradNitrogenAllan SandageBritiske monarkarOseaniaSebuAnne GullestadDverghamsterGneisHåkan LoobKlima i AustraliaMidt i smørøyetØresundbruaKnut Jørgen Røed ØdegaardCelina MidelfartMari MaurstadGene KrupaTschaggunsKvinnherad kommuneOle Kirk ChristiansenIngvild KjerkolSantoríniTransferfunksjonMoss kommuneSilikatArgentinaNasjonaldyrNils KreugerHardingfeleJonas LieOla Vigen HattestadElisabeth TerlandMalaysiaIram HaqInterneringKommunismeEli Kari GjengedalRøysSigbjørn ObstfelderZahid AliTrekkvognSki-VM 2013FiolinJuletreApostelen JohannesUkrainsk matMBrendan sjøfararenArbeidshestBygg og anleggLønnesirupAlaskaDUF-nummerChristian MeyerNorrøntTarjei VesaasEwokVoss herad🡆 More