Kalsitt eller kalkspat er eit mineral som består av kalsiumkarbonat, CaCO3.
Det er eit av dei vanlegaste minerala i jordskorpa. Under den kjemiske formelen inngår òg aragonitt. Kalsitt kan vere bergartsdannande og vert då kalla kalkstein eller marmor. Han finst i organismar med kalkskal som til dømes muslingar, korallar, foraminiferar og trilobittar. Kalsitt er eit vanlig mineral og er fargelaust, eller farga av ureinleikar. Skalenoedriske, romboedriske og prismatiske former opptrer i kombinasjonar. Det har ein seksida avsluttande pyramideform. Krystallar opptrer med breie, flate ender, eller med lange tynne spissar. Kalsitt er ofte korna eller massiv. Det er ein bestanddel i kalksteinsmarmorar og andre sedimentære og metamorfe førekomstar, og det finst i hydrotermale gangar og magmatiske bergartar.
Kalsitt | |||
Kalsittrombe som syner dobbeltbryting | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Karbonatmineral | ||
Kjemisk formel | CaCO3 | ||
Strunz-klassifisering | 05.AB.05 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal 32/m | ||
Einingscelle | a = 4.9896(2) Å, c = 17.0610(11) Å; Z=6 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus eller kvit, òg grå, gul, grøn, | ||
Krystallform | Krystallinsk, korna, stalkittisk, konkresjonar, massiv, romboedrisk. | ||
Krystallsystem | Trigonal heksagonal ulikesida (32/m), Romgruppe (R3 2/c) | ||
Tvilling | Vanleg av firetvilling-lova | ||
Kløyv | perfekt på [1011] tre retningar med vinkel 74° 55' | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 3 (definerande mineral) | ||
Glans | glasaktig til perleaktig på kløyvflater | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.71 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.640 – 1.660 nε = 1.486 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.154 – 0.174 | ||
Oppløyselegheit | Oppløyseleg in fortynna syrer | ||
Andre eigenskapar | Kan fluorescere raud, blå, gul og andre fargar under anten kortbølgja eller langbøjga UV-stråling. Fosforescerande | ||
Kjelder |
Dobbeltbrytning kan lett observerast i vassklåre spaltestykke av kalsittkrystallar, som kalles dobbeltspat eller islandsspat. Lys som passerer gjennom desse vil bli spalta i to stråler. Dette inneber at ein kan sjå eit dobbeltbilete av ein lekam, når ein ser den gjennom spaltestykket. Kalsitt viser denne dobbeltbrytninga særskild godt. Dobbelbrytninga vart oppdaga i 1669 av den danske fysikeren Erasmus Bartholin i kalsitt frå Island.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kalsitt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.