Glans I Mineralogi

Glans i mineralogi er ei karakterisering av korleis lys vekselverkar med overflata på ein krystall, stein eller mineral.

For eksempel, ein diamant blir omtalt son å ha ein diamant glans medan pyritt blir omtalt som å ha ein metallisk glans. Glans blir og nytta til å karakterisere andre ting skinn som til dømes stoff, særleg silke og sateng eller metall.

Glans I Mineralogi
Metatorbernitt har ein glasaktig glans.

Terminologi

Ei lang rekke ord er nytta til å karakterisere glansen til ulike mineral. Glansen varierer kontinuerleg og det er ingen klare grenser mellom dei ulike fagorda. Dette gjer at ulike kjelder kan omtale glansen på det same mineralet ulikt. Denne tvetydinga er vidare komplisert ved at glansen kan variere innanfor same mineral. Fagorda kan kombinerast til å karakterisere mellomtypar av glans, til dømes ein «glasaktig feit» glans.

Diamantglans (adamantinglans)

Glans I Mineralogi 
Slipte diamantar

Diamantaktige eller adamantine mineral har ein særskild glans som er best kjent i diamant. Desse minerala er gjennomsynlege eller gjennomskinlege. Dei har ein høg brytningsindeks (1.9 eller meir). Mineral med ekte diamantglans er uvanlege. Eit par døme er cerusitt og zirkon.

Mineral med ein mindre, men likevel høg grad av glans er omtalt som subadamantine. Eit par døme er granat og korund.

Glans I Mineralogi 
Kaolinitt

Matt

Matte (eller jordaktige) mineral har liten eller ingen glans. Det skuldast granulat (små korn) som spreier det reflekterte lyset i alle retningar, tilnærma ein lambertreflektor. Eit døme er kaolinitt. Nokre gonger skil ein mellom matte og jordaktige mineral, der det siste er grovare og har enda mindre glans.


Feittglans

Glans I Mineralogi 
Moseopal

Feittaktige mineral liknar på feitt eller smørjing. Ein feittaktig glans finn ein ofte i mineral som inneheld ein stor del mikroskopiske inklusjonar. Typiske eksempel omfattar opal og cordieritt. Mange mineral med ein feittaktig glans er òg feite å ta på.

Glans I Mineralogi 
Pyritt

Metallglans

Metallaktige (eller splendent) mineral har ein glans som eit polert metall. Dersom overflata er perfekt vil den vere som ein spegel). Typiske eksempel omfattar galena, pyritt og magnetitt.

Perleglans

Glans I Mineralogi 
Muskovitt

Perleaktige mineral er bygd opp av tynne transparente flate lag som ligg oppå kvarandre. Lys reflektert frå desse laga gir opphav til ein glans som liknar på ei perle. Desse minerala har perfekt kløv som til dømes muskovitt og stilbitt.

Glans I Mineralogi 
Rav

Porselensglans (harpiksglans)

Porselenaktige eller harpiksaktige mineral ser ut som harpiks, tyggegummi eller plast med glatte flater. Eit hovuddøme er rav som er ei form for fossil harpiks.

Silkeglans

Glans I Mineralogi 
Silkespat

Silkeaktige mineral har parallelt ordna ekstremt fine fibrar, noko som gir dei ein glans som liknar silke. Typiske eksempel omfattar asbest, ulexitt og sikesoatvarianten av gips. Ein fiberaktig glans er ganske lik, men har ein grovare tekstur.

Glans I Mineralogi 
Sinkblende

Halvmetallglans

Halvmetallaktige mineral har lik glans med metall, men dei er mattare og reflekterer mindre. Ein halvmetallglans finn ein ofte nesten opake mineral med høge brytningsindeksar. Typiske døme er sinkblende, sinober og kupritt.

Glasglans

Glans I Mineralogi 
Kvarts

Glasaktige mineral har glans som glas. Denne typen glans er ein av dei ein ser oftast, og opptrer i gjennomsynlege eller gjennomskinlege mineral med relativt låge brytingsindeksar. Typiske eksampel er mellom anna kalsitt, kvarts, topas, beryll, tourmalin og fluoritt.

Glans I Mineralogi 
Jade

Voksglans

Voksaktige mineral har ein glans som liknar på voks. Typiske døme omfattar jade og kalsedon.

Referensar

Tags:

Glans I Mineralogi TerminologiGlans I Mineralogi ReferensarGlans I MineralogiDiamantKrystallLysMetallMineralMineralogiPyrittSilkeStein

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AkslaMeirHistorisk oversyn over kommunar i HordalandSamisk historieVM i friidrett 2019TeltChristianiaAegisHenry LawsonSolgangsbrisBieLittle WalterCharlie WattsHarry PotterÅkermans VerkstadImperialismeJean-Claude JunckerKapitalismeStoffskifteCyanPetter EideVM i alpine greiner 2019Vegard UlvangHundInformasjonsattfinningStøytionisasjonSjakkKopplamSamanlikning av jødedommen og kristendommenFylkesveg 751Barack ObamaFredrik SkavlanTidvatnMaiken Caspersen FallaElisabeth TerlandBruno CoutinhoElvis PresleyKvenerEmma Watson1300-taletHalloForelskingKurdararGezer regionale kommuneListe over primtalSkjoldbruskkjertelenClaudio MonteverdiLysEtnos og demosDet ukrainske alfabetetHenning SolbergBuDet osmanske riketNordsamiskNasjonaldrikkBengaltigerMorfofonologiDen sørlege vasslangenEnaresjøenJohan de WittTwitterKulturindustrienEstragonHarald V av NoregLa LigaMotreformasjonHar SedomSpaniaKokosmakronDurgaSennesvikHellasTørkeMesopotamiaLemmingBiologisk familie🡆 More