Raud

Raud er fargen ved enden av det synlege lysspekteret, ved sidan av oransje.

Fargen har ei dominerande bølgjelengd på rundt 625–740 nanometer. Raudt er ein primærfarge i fargemodellane RGB og CMYK. Han er komplementærfarge til cyan.

Raud
 
Raud
Spektrale koordinatar
Bølgjelengdca. 625–740 nm
Frekvens~480–400 THz
HTML-farge#FF0000
sRGBB  (rgb)(255, 0, 0)
B: Normalisert til [0–255] (byte)

Raudfargen til himmelen ved solrenning og soleglad er ei følgje av rayleighspreiing av sollyset. Raudfargen i jord og berg som Grand Canyon kjem av hematitt eller raud oker, begge former av jernoksid. Jernoksid er også det som gjev planeten Mars raudfarge. Raudfargen til blod kjem frå proteinet hemoglobin, medan plantar som mogne jordbær, raude eple og raudt haustlauv er farga av antocyanin.

Fysikk

Raudt lys har den lågaste frekvensen som menneskeauget kan sjå. Bølgjelengda er rundt 630-760 nm. Ein lågare frekvens gjev infraraudt lys, som ikkje er synleg for oss. Raudfargen er på grunn av dette den ytste fargen i regnbogen.

Mange fiskar og skaldyr ser raude ut når dei kjem opp frå havet. Men sjøvatn absorberer ofte raudfargen, slik at dei eigentleg er svarte og dermed kamuflerte nede på djupet.

Oksidert jern gjev òg ein raud farge, som me mellom anna kan sjå i jernrik jord og i blod som inneheld hemoglobin.

Funksjon

Som varselsfarge kan han tyda stopp, som i trafikklys og som raudt kort på fotballbanen, eller berre vera åtvarande, som på brannbilar eller raud fluesopp.

Symbolikk

Lukke

Raud 
Ein raud hane varslar om det nye kinesiske haneåret.

Det knyter seg sterk symbolikk til fargen, både gammal og ny. I India og Kina blir han sett på som svært lykkebringande. Det er vanleg for ei brur i begge landa å bera raudt når ho giftar seg, og feiringa av det kinesiske nyttåret inneber så mykje bruk av raudt ein kan.

Blod

Raudt er fargen til blod, og han blir derfor rekna som livsens farge, men òg til ulukker, som i symbola til Raudekrossen. Sambandet mellom krigsguden Mars og den raude planeten Mars har gjort raud til ein farge for krig og vald. Romarane brukte eit raudt flagg som krigsflagg.

Kyrkje

I kristen tradisjon har fargen vore eit symbol på kjærleik, lidenskap og seksualitet, slik at mellom anna Maria Magdalena framstilla som ei synderinne ofte ber raudt. Men som liturgisk farge er raudt symbol for kyrkja og den heilage anden, og blir brukt ved særskilde høgtider og feiringar av martyrar.

Revolusjon

I moderne tid er raudt blitt fargen til venstresida, og er blitt brukt av fleire grupper, frå arbeidarrørsla til revolusjonære geriljagrupper. Den raude stjerna og det raude flagget er døme på dette.

Kjelder

    Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Raud  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Raud

Tags:

Raud FysikkRaud FunksjonRaud SymbolikkRaud KjelderRaud BakgrunnsstoffRaudCyanFargeLysNanometerOransjeRGB

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

South Lanarkshire2024AntarktisParisJomfru MariaPalermoKjerringa med stavenBautasteinAtommodellEli RyggEselHank LocklinHillary ClintonProduksjonPlantarJavier CulsonSovjetunionenBloggKarl XII av SverigeArne Kjell LarsenMrs. RobinsonTrøndelag fylkeIslandske nasjonaldrakterJohn ScofieldEuropiumSnaptunsteinen16. maiSteve JobsNord-AmerikaAndre verdskrigenMorfinStilarkNykøbing MorsEinatJaroslav SoukupKronografAnagramDen europeiske unionenDet norske flaggetJohann Sebastian BachVladimir PutinEli Kari GjengedalTrymskvidaISO 8601JernErnst JosephsonJordskorpeplateStord kommuneHound DogSpekkhoggarSystem of a DownLiverpool FCSauGambiaSandy DennyTuonelaGabonVM i friidrett 2019Trond Fausa AurvågDrinfossenHundOrellanaprovinsenPippi LangstrømpeElektrostatisk generatorDisney Channel SkandinaviaOlivia Rodrigo1900-taletAkslaTankbilMøreGeorg III av StorbritanniaHotel CaliforniaLønnSalt330 skvadron918🡆 More