Elg: Pattedyrart

Elg (Alces alces) er eit stort hjortedyr, det største som finst i dei fleste skogområda i Nord-Europa, og blir ofte omtala som skogens konge.

Elg
Elghann
Elghann
Elgho
Elgho
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av elg
Utbreiinga av elg
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Underfamilie: Capreolinae
Stamme: Capreolini
Slekt: Alces
Art: Elg A. alces
Vitskapleg namn
Alces alces

Dyra er viktige bytte for menneske, og er i tillegg blitt eit symbol på mange nordlege område, som Noreg, Sverige og Canada. Elgen er nasjonaldyret i den amerikanske delstaten Alaska.

Skildring

Elgen blir opptil tre meter lang, og 2,3 meter høg (skulderhøgde). Oksen veg på sitt tyngste over 600 kg. Pelsfargen varierer frå raudbrun til mørkebrun, med ein grå farge om vinteren. Oksen har eit lettkjenneleg fjølforma gevir som kan bli opptil to meter breitt. Både oksen og kua har hakeskjegg. Spora er store og viser at elgen er et klauvdyr.

Elgkua er drektig i ca. ni månader, og kalvane blir fødde i mai/juni. Ei ku med nyfødde kalvar kan vera farleg om ho føler seg trua. Elgar får sjeldan meir enn to kalvar.

Dyra kan eta litt av kvart, men vel som oftast knoppar, blad, småkvist og bork frå lauvtre.

Utbreiing

Det finst elg i barskogområde Europa, Asia og Nord-Amerika. Elgen trivst i skogar der det er myrer og vatn, men finst ikkje på høgfjellet på grunn av storleiken sin. Sør for Skandinavia er elgen blitt utrydda.

Det finst om lag ein million dyr i Europa, og omtrent like mange i Nord-Amerika. Elgen er derfor ikkje sett på som ein truga art.

Elg og mennesket

Elg: Skildring, Utbreiing, Elg og mennesket 
Elg frå eit finsk holemåleri.

Ifølge holemåleri dreiv menneske elgjakt i steinalderen, og jakta har fortsett fram til i dag. Det er ala fram elghundar for å hjelpa til med jakta.

Det blir drive elgjakt av to grunnar; for kjøtet og for å halda bestanden nede. For mykje elg kan føra til stor skade på skogen, og fleire farlege trafikkulukker. I Noreg varer elgjakta frå 25. september (nokre stader 5. oktober) og ut oktober.

Elg kan òg vera farlege for menneske, og skal vera det dyret som drep flest menneske i Canada, kanskje bortsett frå bier. Medan elgkyr kan vera svært vernande overfor ungane sine skjer dei fleste dødsfalla i samband med elg på grunn av samanstøyt mellom dyr og bilar.

Elg i kulturen

Medan elg er blitt avbilda sidan steinalderen, står den første kjende litterære skildringa av han i De Bello Gallico av Julius Cæsar. Elg har sidan inspirert mange naturbilde, særleg klisjéprega måleri av Elg i solnedgang. Dei finst òg i fiksjon, som Troll-elgen, ein roman og filmatisering frå 1920-talet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Elg: Skildring, Utbreiing, Elg og mennesket  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Elg
  • Elg: Skildring, Utbreiing, Elg og mennesket  Wiktionary-definisjonen på elg

Tags:

Elg SkildringElg UtbreiingElg og mennesketElg KjelderElg BakgrunnsstoffElgAlaskaByttedyrCanadaHjortedyrKongeNord-EuropaNoregSkogSverige

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GoiásFelix MendelssohnDet norske alfabetetØKirunaDeltaDonald DuckStomiVerktøyet filRagnhild BrochmannTenaza PeakHarald EiaBo WiderbergVierslektaMolde kommuneVinter-OL 1988SjøkrepsRekreasjonNakenskapBloggVik kommuneElon MuskNasjonaldagStorbritanniaChristianiaVM i fotball 2022MagnisíaTaekwondoFrankrikeFeilslutningCupheadMalariaAlf-Inge HålandPeter GabrielBukspyttkjertelenCelsiusKyprosAugust den sterkeFranz LisztSigmund FreudVólosFRIKAR dance companyTutrakanLamíaWattensKrigOslo kommuneMarikkenDet engelske herrelandslaget i fotballKnut Marius DjupvikPave Johannes Paul IHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorRussisk litteraturDickey BettsHindugudarNo-dramaNykøbing MorsBlandingSpeidarrørslaKari BakkeIngvild KjerkolKyle WalkerAmmoniumkloridSystem of a DownKalkulusMaiken Caspersen FallaDas KapitalHasardOppland fylkeJonas Gahr StøreMaiTorstein FlakneKlima i ArgentinaHvaler kommuneKvam herad🡆 More