Svarttrast, svarttrost eller sysvorte (Turdus merula) er ein vanleg fugl i trastefamilien.
Svarttrast | |
Svarttrasthann | |
Svarttrasthoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av svarttrast | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Muscicapoidea |
Familie: | Trastefamilien Turdidae |
Slekt: | Turdus |
Art: | Svarttrast T. merula |
Vitskapleg namn | |
Turdus merula |
Han er nasjonalfugl for Sverige og fylkesfugl for Aust-Agder.
Svarttrasten er 25-27 cm lang. Hannen er kolsvart med eit gult nebb i tillegg til eit lite gult parti kring auga. Hoa er brunsvart med raudbrunt og svartprikkete bryst og har brunsvart nebb. Ungfuglar er oftast raudbrune og har endå meir markante prikkar enn hoa.
| ||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Svarttrast er kjend for ein sterk, melodisk song som typisk blir framført frå høge stader, som tretoppar. Det er hannfuglen som syng, og songen hans er på mange stader i landet eit sikkert vårteikn. Fuglen varierer songen og kan imitera andre fuglar. Svarttrast syng gjerne tidlege om morgonen og seint om kvelden, før og etter dei andre fuglane.
Fuglen plasserer reiret på bakken eller lågt i ein busk, ei tett gran eller buskete lauvtre. Reiret er i hovudsak laga av leire, gras, mose og røter blir samanfletta til ei djup skål. I Sør-Noreg startar egglegginga i april. To kull i året er ikkje uvanleg. Hoa rugar dei blå- eller grøngråe egga i 13–14 døgn. Etter klekking oppheld ungane seg i reiret i 12–19 døgn og blir mata av foreldra i endå tre veker.
Svarttrasten lever av meitemark, insekt, tusenbein og sniglar. Om hausten et han frukt, bær og frø, og i dei delane av landet han overvintrar er han ein hyppig gjest på fuglebrettet.
Svarttrast er utbreidd i store delar av Europa. Ein går ut frå at talet på svarttrastpar som hekkar i Noreg er mellom 100 000 og 1 000 000. I Noreg er han ein trekkfugl. Merka fuglar som er attfunne syner at Dei britiske øyane er viktigaste overvintringsstaden. Dei fleste svarttrastane dreg rett over Nordsjøen, men nokre tek vegen om Danmark og Nord-Tyskland. Det er attfunne merka svarttrast så langt sør som Sør-Spania. Ein fugl er funnen på Island. Han kan overvintre i kystområder opp til Troms, oftast nær hekkestaden. Han finst og i nordvest-Afrika og i Kina, og er innført i Australia og New Zealand kor han har etablert seg.
Eldste svarttrast påvist ved merking i Noreg er 8 år og 6 mnd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svarttrast, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.