Dei britiske øyane er ei øygruppe utanfor den nordvestlege kysten av Europa.
Dei største av desse er øyane Storbritannia og Irland. Med mange mindre britiske øyar har øygruppa over 6.000 av dei. Den totale flatevidda er 315 134 km².
Nemninga britisk kjem av Britannia, som var ei nemning nytta på England og Wales medan landa var ein del av Romarriket. Etter kvart har nemninga britisk vorte knytt til statsdanninga det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, som i norsk språkbruk blir korta til Storbritannia.
Frå 1801 til 1922 utgjorde øygruppa det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Etter dette var Republikken Irland ein sjølvstendig stat. Såleis er det to sjølvstendige statar på dei britiske øyane.
I tillegg er det nokre øyar som ligg direkte under den britiske krona som britisk kroneigedom. Det gjeld øya Man (Isle of Man) og øygruppene rundt Guernsey og Jersey. Øyane er formelt ikkje ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei britiske øyane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.