Øya Storbritannia er den største av Dei britiske øyane, og ligg mellom fastlands-Europa og Irland.
Øya utgjer størstedelen av landområdet til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, som på norsk som regel vert kalla Storbritannia. På engelsk er namnet «Great Britain».
Øya Storbritannia er den største øya i Europa, og kjem på 8. plass i verda. Ho har ei flatevidd på 229.850 km². Ho omfattar det meste av landa England, Skottland og Wales som no utgjer nasjonen Storbritannia. I tilllegg høyrer andre, mindre øyar òg til kvart av desse landa.
Namnet på øya viser til at det er landet der britane bur. Men det finst òg eit anna område der britar, eller bretonarar, held til. Det er Bretagne i Frankrike, eller Brittany på engelsk. Sidan den britiske øya er større enn den bretonske halvøya, blei ho kalla Storbritannia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Øya Storbritannia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.