Man (engelsk Isle of Man; manx Ellan Vannin) er ei av Dei britiske øyane og ligg i Irskesjøen.
| |||||
Motto: Quocunque Jeceris Stabit | |||||
Offisielle språk | Engelsk, manx | ||||
Hovudstad | Douglas | ||||
Styresett Lord of Mann Viseguvernør Sjefsminister | Monarki Charles III Sir John Lorimer Alfred Cannan | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn | 572 km² 0 % | ||||
Status | Biland | ||||
underlagt Storbritannia | 1765 | ||||
Valuta | Man-pund (likestilt med britisk pund) | ||||
Nasjonalsong | «Arrane Ashoonagh dy Vannin» | ||||
Nasjonaldag | Tynwalddagen, 5. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +44 |
Øya er sjølvstyrande, men høyrer òg direkte inn som ein eigedom under den britiske krona. Såleis er ikkje Man med i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
Man er eit tidlegare norsk skattland. Frå om lag år 700 til år 900 var Man eit vikingkongedøme. Man var lagt under kongen av Noreg fram til 1266, då Skottland tok over øya. Ho kom under den britiske krona i 1765.
Innbyggjarane øya er prega av dei keltiske og norrøne røtene sine, i tillegg til langvarig engelsk påverknad, noko ein mellom anna kan sjå på musikken der.
På Man har ein i tillegg til engelsk snakka språket manx, som er eit keltisk språk. Den siste talaren av manx døydde i 1974, men ein prøver no å vekkja språket til live att.
Man er eit demokratisk monarki med kong Charles III av Storbritannia som statssjef eller «Lord of Mann». Kongen er representert på øya av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er parlamentet Tynwald, som har to kammer. Tynwald vedtek lover og fører tilsyn med indre saker, skattepolitikk og sosialpolitikk. Eksterne tilhøve, som forsvar og representasjon i utlandet, vert styrt av britiske styresmakter. Man svarar ei årleg godtgjersle for desse tenestene.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Øya Man, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.