Britannia er ein kvinnefigur som vert nytta som personifikasjon av Storbritannia.
Ho blir ofte framstilt med ein romersk hjelm, trefork og eit skjold med det britiske flagget på.
Britannia var eit latinsk namn på Dei britiske øyane, og Romersk Britannia var ein romersk provins mellom 44 og 410 som på sitt største omfatta størsteparten av dagens England og Wales. Kvinnefiguren «Britannia» dukka snart opp som eit symbol på landområdet, i ei utforming ikkje ulik den til krigsgudinna Minerva. I desse romerske framstillingane er ho typisk framstilt som ei vakker ung kvinne iført ein kvitt drakt med høgre bryst synleg og centurionhjelm på hovudet. Ho sit ofte på ein stein med eit spyd i handa, med eit skjold ved sida av.
Namnet Britannia blei brukt også etter at romarane forlét øya Storbritannia. Det blei også brukt om Armoricahalvøya, eller Bretagne («Vesle» Britannia), etter at britar slo seg ned der. Det engelske namnet på Bretagne er «Brittany».
Under Elisabet I og renessansen blei Britannia utvikla som eit personifisert nasjonalsymbol. Under Charles II blei Britannia igjen nytta på myntar, først på ein farthing frå 1672. Etter Acts of Union 1707, som slo Skottland saman med England og Wales, fekk omgrepet ny tyding som symbol for éin nasjon.
Britannia er blitt framstilt i statuar og måleri, og etterkvart også på vitseteikningar som eit symbol for Storbritannia.
Britannia kan også vera:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Britannia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.