Gran: Bartre i furufamilien

Gran (Picea abies) er eit tre i granslekta som er svært vanleg i Norden.

Gran
Gran
Gran
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av gran
Utbreiinga av gran
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Underfamilie: Piceoideae
Slekt: Granslekta Picea
Art: Gran P. abies
Vitskapleg namn
Picea abies
H.Karst., 1881

Dette bartreet blir ofte kalla norsk gran, skogsgran eller vanleg gran for å skilja det frå andre grantypar.

Grantre blir brukt som planke- og møbelmateriale, som råstoff til å laga tremasse, cellulose, papir og kartong. Det er òg brukt til dekorasjon, særleg som juletre.

Gran: Skildring, Utbreiing, Kjelder
Grein, kongle og frø
Gran: Skildring, Utbreiing, Kjelder
Trevirke

Skildring

Grantre er tette bartre med mange kvasse nåler på 12–24 mm. Treet er tvikjønna og blømer i maijuni. Dei om lag 4 cm lange, raude eller lysegrøne hoblomane står ytst på dei øvre greinene medan dei mindre hannblomane veks lenger nede og nær krona. Konglane er dei lengste i granslekta og blir 9–17 cm lange.

Rotsystemet spreier seg utover, slik at trea ikkje har feste djupt i jorda. Dei kan derfor lett blåsa overende i sterk vind, særleg om jorda er grunn eller oppbløytt. I Noreg kan treet bli opptil 50 meter høgt med ein stammediameter på opptil 1,5 meter.

Grantrea kan ha ulike former ut frå kvar dei veks. Trea er ofte kjegleforma, gjerne med rette greiner som står vassrett ut frå stammen. I område med mykje snøfall kan greinene vera korte og peika nedover for å minska vekta dei må bera om vinteren. Andre veksttypar av gran er kamgran, som har tynne greiner hengande som hår, og slangegran, eit tre med svært få sidegreiner. Krypande tre som slår rot frå greinene kan ein finna i verharde område, på fjellet og langs kysten.

Gran kan bli 200–300 år gammalt. Ho veks best på fuktig, næringsrik jord, men kan godt tola skugge. For å trivast treng treet stabilt vinterklima.

Utbreiing

Gran: Skildring, Utbreiing, Kjelder 
Granskog i Vestfold.
Foto: K.A. Gallis

Det veks gran over heile Nordausteuropa, austover frå Noreg og Polen, og i fjella i Sentral-Europa. Uralfjella utgjer eit skilje der underarten Picea obovata tek over på austsida.

Treet kom først til Noreg for om lag tre tusen år sidan, men er no eitt av dei vanlegaste i landet, og fortsatt under utbreiing. Det veks naturleg dei fleste stader, bortsett frå på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det finst likevel enkelte spreidde bestandar så langt nord som i Karasjok og Sør-Varanger.

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Gran: Skildring, Utbreiing, Kjelder  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Gran

Tags:

Gran SkildringGran UtbreiingGran KjelderGran BakgrunnsstoffGranBartreGranslektaNorden

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BokmålSamiske slektsnamnVik kommunePanterDen norske språkstridenNynorskNoregAldous HuxleyPortugisiskNorske dialektarLinn UllmannDUF-nummerForbundsrepublikkAsker kommuneSkiáthosHans Majestet Kongens GardeIvar AasenRígas Feréos i MagnisíaSirkelImplisitt og eksplisitt funksjonPeriklesHydrogencyanidWienerklassisismenBergenOsloHanumanTorstein FlakneWikipediaMidsommarSkandinaviaMuhammedSpesifikk varmekapasitetKirkeristenHjortInsulinDurgaSørøya i FinnmarkNorsk fonologi2020VersaillestraktatenHypertrofiSauKnut Marius DjupvikLagerthaErik AndersenFaryngittMetéora i TríkalaFylkesveg 751Coca-ColaCarles PuigdemontJomfru MariaEkstaseGeitDet tredje riketMouzákiOmanbuktaOperativsystemDet norske flaggetDet franske koloniriketNihilismeKvitveisMayo ClinicDet norske alfabetetEnglandStorfuglBrusselXboxUrfolkRussisk litteraturCelina MidelfartJan Mayen🡆 More