Grasfamilien

Grasfamilien er ei stor gruppe plantar einfrøblada dekkfrøplantar som veks over nesten heile verda.

Grasfamilien
Bambusen Phyllostachys aurea
Bambusen Phyllostachys aurea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Barnhart, 1895

Ho omfattar over 10 000 ville og dyrka artar, og er den femte største plantefamilien I Noreg finst kring 160 grarartar, fordelt på kring 60 slekter.

Grasfamilien
Grassletter i Indre Mongolia.
Grasfamilien
Maisåker i USA.
Grasfamilien
Tussokgras på Sør-Georgia.

Grassletter utgjer rundt 20 % av vegetasjonsdekket på jorda. Grasplantar veks også i andre habitat, som skog, tundra og våtmark. Grasfamilien er økonomisk svært viktig, i og med at alle kornsortane høyrer til her. Korn vert skild frå dei andre artane som gruppa åkervekster. Dei viktigaste grasplantene er mellom anna havre, rug, bygg, kveite, ris, mais, durra, sukkerrøyr, bambus, timotei og raps.

Grasliknande vekstar som siv, sjøgras og halvgras høyrer ikkje til grasfamilien.

Gras til mat og fôr

Grasplantene har vore nytta av menneske frå førhistorisk tid og har vorte nytta som mat til menneske i form av korn og som fôr til husdyr.

Frå gras til mat er det det mogne frøet (kornet) den viktigaste delen av planta. Kornet blei sådd om våren, i våronna, og hausta om hausten, i skuronna.

Frå gras til fôr er det blada og stenglane som utgjer den viktige delen av avlinga. Gras til fôr beitast direkte eller vert hausta fleire gongar i sesongen (slåttonn) og vert konservert anten ved tørking til høy eller vert ensilert som surfôr i tårnsilo, plansilo eller rundballar.

Oversyn

  • bambus (Bambusoideae)
  • Oryzoideae
  • Panicoideae
  • Pooideae
    • kvein (Agrostis)
    • havre (Avena)
    • faks (Bromus)
    • røyrkvein (Calamagrostis)
    • kveke (Elymus)
    • svingel (Festuca)
    • bygg (Hordeum)
    • raigras (Lolium)
    • timotei (Phleum)
    • rapp (Poa)
    • kveite (Triticum)
    • rug (Secale)

Sjå òg

Merknadar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Grasfamilien  Commons har multimedium som gjeld: Grasfamilien

Tags:

Grasfamilien Gras til mat og fôrGrasfamilien OversynGrasfamilien Sjå ògGrasfamilien MerknadarGrasfamilien KjelderGrasfamilien BakgrunnsstoffGrasfamilienBiologisk familieDekkfrøplantarEinfrøblada plantarNoreg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Marian DrăgulescuAsbjørnsen og MoeBjørnNorskBrideshead RevisitedSkipSør-KoreaÅlesundCountryPer HenriksenChristianiaDet norske alfabetetCyanLundefuglKlitorisDioksin og dioksinliknande sambindingarStorbritanniaSekulærBybanen i BergenArab al-AramsheRussiskNasjonaldraktSionistMarokkoDurgaElizabeth II av StorbritanniaVerdsdelPannemerke i hinduismenJordskorpeplateBermudaKarbalaNasjonal SamlingOddRosaTrekanthandelBlue MoonManchester CityErteblomfamilien1900-taletMoskvaJa, vi elsker dette landetStore norske leksikonMaud av NoregScrabbleNamnedagSlaurSnåsa kommuneGrunnstoffliste etter atomnummerThe Rolling StonesCubaFrankrikeKristian IV av Danmark-NoregOttomanLovKolmuleSunndalsøraOppdrag SognefjordenPaparoa nasjonalparkDet italienske flaggetKind of BlueDattatrejaBergen kommuneMusvåkBrennverdiAustvågøyDet Bergenske DampskibsselskabCelsiusFreddie MercuryKilometerTorskÅJohannes Barstad🡆 More