Rekonstruksjonistisk jødedom er ei retning av rabbanittisk jødedom som er karakterisert ved:
Rekonstruksjonismen vart utvikla av dei amerikanske konservative rabbinarane Mordecai Kaplan (1881–1983) og Ira Eisenstein som ei radikal fløy av konservativ jødedom i løpet av perioden frå slutten av 1920-åra til 1940-åra. Rørsla vart ei ny hovudretning av jødedommen i og med grunnlegginga av The Reconstructionist Rabbinical College i Philadelphia i Pennsylvania i 1968.
Mordecai Kaplan meinte at dei nye funna i filosofi, vitskap og historie ville gjera det umogleg for moderne jødar å halde på mange av dei tradisjonelle teologiske standpunkta. Kapland naturalistiske teologi har m.a. vorte sett som ein variant av filosofien åt John Dewey. Dewey sin naturalisme kombinerte ateistiske trusprinsipp med religiøs terminologi for å konstruere ein religiøst sett tilfredsstillande filosofi for dei som hadde mist trua på tradisjonell religion.
I samsvar med nokre klassiske jødiske tenkjarar i mellomalderen, inkludert Maimonides, stadfeste Kaplan trua at Gud ikkje er personleg og at alle antropomorfiske skildringar av Gud i beste fall er ufullkomne metaforar. Kaplan sin teologi gjekk enda vidare og hevda at Gud er summen av alle naturlege prosessar som lèt mennesket fylle si særlege rolle. Kaplan skreiv at «å tru på Gud tyder å taka for gitt at det er lagnaden åt menneskja å rise over råskapen og å utrydde alle former av vald og utbytting frå menneskesamfunnet». Merk at ikkje alle skriftene etter Kaplan er konsistente på dette punktet; synet hans utvikla seg ein del i løpet av åra, og ved nøyen lesnad skil to kjennspake teologiar seg ut:
Det synet som populært sett oftast blir sett i samband med Kaplan er ein streng naturalisme à la Dewey — som har vorte kritisert for å bruke religiøs terminologi som kamuflasje for ein ikkje-teistisk, eller til og med ateistisk, ståstad. David Ray Griffin og Louis Jacobs har kritisert omdefineringa av omgrepa ‘openberring’ og ‘Gud’ innanfor rekonstruksjonismen som intellektuelt uærleg og som ei form av «konvertering gjennom definisjon». Dei hevdar at desse omdefineringane tek ikkje-teistisk tru og tillegg henne teistiske omgrep. Liknande kritikk har òg vorte framsett av rabbinarane Neil Gilman (Sacred Fragments, s. 200), Milton Steinberg (Simon Noveck: Milton Steinberg : portrait of a rabbi. Ktav, 1978, s. 259f.) og Michael Samuels (The Lord is My Shepherd: The Theology of a Caring God. 1996.).
Men den andre kjennspake lina i skriftene åt Kaplan viser at han i alle fall til tider trudde at Gud har ontologisk eksistens — ein faktisk og absolutt eksistens uavhengig av menneskeleg tru. I denne andre teologiske lina avviser Kaplan stadig dei klassiske formene av teisme og all tru på underverk, men held seg til ein ståstad som på nokre måtar er nyplatonsk.
Dei fleste rekonstruksjonistiske jødar avviser tradisjonelle former av teisme. Mange er deistar, og eit lite mindretal har eit kabbalistisk gudssyn.
Alle ortodokse jødar, dei fleste konservative jødar og nokre reformjødar reknar teologien åt Kaplan for uforeinleg med klassisk jødedom. Ein del medlemmer av den rekonstruksjonistiske rørsla som på andre vis vedkjenner seg Kaplans idéar nektar å godtaka teologien hans. I staden står dei for eit teistisk gudssyn.
I praksis er Kaplans bøker — særleg The Meaning of God in Modern Jewish Religion og Judaism as a Civilization, de facto prinsipperklæringar for rekonstruksjonismen. I 1986 vedtok the Reconstructionist Rabbinical Association (RRA) og the Federation of Reconstructionist Congregations (FRC) den offisielle Plattforma for rekonstrukjonismen (2 s.). Det er ikkje ei pålagd liste over prinsipp, men heller ein konsensus av noverande tru innanfor den rekonstruksjonistiske rørsla. [Sjå FRC Newsletter, september 1986, s. D–E.]
Sentrale punkt i plattforma er:
Dei fleste rekonstruksjonistar trur ikkje på openberring (idéen at Gud på noko slags vis kan openberre viljen Sin åt menneskja). Dette blir avvist som supernaturalisme. Kaplan held i staden på synet at openberring «er å lausrive frå den naturlege samanhengen dei elementa av han som gjev svar på varige postulat i menneskenaturen og å integrere dei i vår eigen ideologi ... resten kan arkeologien taka seg av». [The Meaning of God in Modern Jewish Religion]
Som i reformjødedommen er hovudsynet i rekonstruksjonistisk jødedom at personleg ståstad er overordna halakhá (jødisk lov) og teologi. Ein krev ikkje at medlemmene held seg til noka særskild tru, og ein krev heller ikkje at halakhá lyt bli godteken som bindande. Men i motsetnad til klassisk reformjødedom meiner ein i rekonstruksjonistisk jødedom at utgangspunktet for kvar person bør vera å halde seg til tradisjonell jødedom med mindre ein har særlege grunnar til å vike frå dette. Hovedskiljet mellom rekonstruksjonistisk jødedom og den tradisjonelle jødedommen er at rekonstruksjonismen kategoriserer halakhá som folkekultur heller enn som lov. Dei 613 misvót (religiøse bod) har altså blitt omtolka til element av folkekultur som kan godtakast eller setjast til sides av kvar meinigheit.
Tradisjonelle jødiske praksisar som blir fremma inkluderer bruk av hebraisk i gudstenesta, torástudium, dagleg bøn, bruk av kippót (kalottar), talletót (bønesjal) og tefillín under bøn og feiring av jødiske helgedagar.
Rekonstruksjonistisk jødedom overlèt til kvar enkelt rabbinar å avgjera om dei vil forrette ved bryllaup der berre éi(n) av partane er jødisk — om lag halvparten av dei rekonstruksjonistiske rabbinarane gjer dette.
Rekonstruksjonismen godtek både patrilinearitet og matrilinearitet som fullverdig kriterium for jødisk status — det vil seie at born av éin jødisk forelder, uansett kjønn, blir rekna som jødiske om dei får ei jødisk oppseding.
Rolla åt ikkje-jødar i meinigheitslivet er eit emne som er under stadig debatt i rekonstruksjonistiske meinigheiter, og praksisen varierer sterkt mellom meinigheitene. Dei fleste av dei prøver å finne ein balanse mellom inklusjon og integritet. The Jewish Reconstructionist Federation (JRF) har offentleggjort eit ikkjebindande rundskriv der dei har prøvd å setja opp eit rammeverk for korleis meinigheitene kan avgjera politikken sin på dette punktet, og dei har òg sett opp det dei ser på som dei beste alternativa. Men desse spørsmåla blir til sjuande og sist avgjorde av den lokale lekfolksleiinga. [R. Edward Feld: «Can Halakha Live?», i The Reconstructionist, v. 59 (1994), b. 2, s. 64–72]
Rekonstruksjonistisk jødedom har likestilling som eitt av sine grunnprinsipp og praktiserer i dag full likestilling mellom kjønna. I praksis tyder dette at både kvinner og menn kan bruke tallét (bønesjal) og tefillín (bønereimer); både kvinner og menn blir talde i minján; både kvinner og menn kan lesa frå Toráen; både kvinner og menn kan leie alle gudstenester; og både kvinner og menn kan utdanne seg til og arbeide som rabbinarar. Rekonstruksjonistiske meinigheiter har normalt ikkje mehissá (fysisk skilje mellom manns- og kvinnedelar av synagogerommet), og kvinner og menn sit oftast ikkje i spesielle avdelingar inndelte etter kjønn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rekonstruksjonistisk jødedom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.