Hasidisme

Hasidisme (ḥasidisk jødedom, ḥasidisme, av hebraisk חסידות‎, ḥasidut, 'fromskap') er ei rørsle innanfor askenasisk jødedom som legg stor vekt på religiøs vekking og den mystiske kabbalá-tradisjonen.

Hasidisme
Hasidisk rabbinar.

Rørsla oppstod på andre halvdelen av 1700-talet blant askenasiske jødar i Aust-Europa. Mange hasidiske jødar er kjenneteikna av klesdrakta som stammar frå dette samfunnet. Detaljar i klesdrakta skil ulike grupper frå kvarandre.

Israel ben Eliezer (1700–1760), kjend som Baal Shem Tov, er rekna som grunnleggjaren av rørsla. I dag er ho delt inn i fleire retningar leia av ein rebbe (rabbinar), ei stilling som ofte går i arv frå far til son. Soger om zaddikar, heilage menn, er også viktige.

Rørsla tek avstand frå moderne sionisme og i større eller mindre grad også frå staten Israel. Ein del nektar til dømes å bruka hebraisk som daglegspråk, ettersom dei reknar det som for heilage. Det finst likevel mange hasidiske institusjonar på israelsk territorium. Hasidiske jødar byrja busetja seg i området på 1700-talet.

Retningar av hasidisk jødedom

Chabad

Chabad eller habad er den største gruppa innan hasidismen i dag. Ho blei grunnlagd av Shneur Zalman (1745–1813) og fortsett av etterkomarane hans i den russiske landsbyen Ljubavitsji (Lubavich), slik at eit anna namn på rørsla er lubavicher/lubavitsjer. Rørsla driv fleire utdanningsinstitusjonar og bustadsområde, og søker aktivt å overtyda andre jødar til å halda dei ortodokse reglane.

Breslover

Breslover-hasidisme blei grunnlagd av Nachman av Breslov i den ukrainske byen Bratslav (Breslov). Han skil seg frå dei andre retningane ved at rebben Nachman ikkje utnemnde nokon etterfølgjar, slik at rørsla ikkje har nokon levande leiar i dag.

Kjelder

Hasidisme  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Tags:

Hasidisme Retningar av hasidisk jødedomHasidisme KjelderHasidismeAskenasisk jødedomHebraiskKabbalá

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Q.E.D.JavaY27-årsklubbenTysklandNattverdIslamKaptein SabeltannKrag-Jørgensen-rifleÅndalsnesLuminansGammel drømVåpenskjoldTokyoVM i fotball 2006Pablo NerudaCHOBA B CCCPNovo Selo i regionen SøraustBorgarkrigen i USAVerdKon-Tiki-ekspedisjonenAndre verdskrigenByar i HellasGardasjøenDaniel KvammenAndFamily GuyPink Floyd The Wall1795DílosThe GuardianGjærAnne-Karine StrømSjtipThe Star-Spangled BannerFolégandrosDen siste nattverdenFilmjølkByar i NoregRhinenNord-DakotaAnne-Sophie MutterMellom-AmerikaByNATOKolibriKnut den mektigeNord-MakedoniaDet nederlandske koloniriketBeltegrader i judoTjeldDet argentinske kvinnelandslaget i fotballMaskorama (sesong 4)AkslaBodø kommuneMikhail BulgakovHeine T. BakkeidSpesifikk gravitetHaitiTuk-tukSlogenNazismeUkrainaGrodagenHistorisk fiksjonGabrielle LeithaugLandsting i SverigeDaddelKristian VI av Danmark-NoregFylkesveg 363HardangerScrabbleSaltMona Lisa🡆 More