Hasidisme (ḥasidisk jødedom, ḥasidisme, av hebraisk חסידות, ḥasidut, 'fromskap') er ei rørsle innanfor askenasisk jødedom som legg stor vekt på religiøs vekking og den mystiske kabbalá-tradisjonen.
Rørsla oppstod på andre halvdelen av 1700-talet blant askenasiske jødar i Aust-Europa. Mange hasidiske jødar er kjenneteikna av klesdrakta som stammar frå dette samfunnet. Detaljar i klesdrakta skil ulike grupper frå kvarandre.
Israel ben Eliezer (1700–1760), kjend som Baal Shem Tov, er rekna som grunnleggjaren av rørsla. I dag er ho delt inn i fleire retningar leia av ein rebbe (rabbinar), ei stilling som ofte går i arv frå far til son. Soger om zaddikar, heilage menn, er også viktige.
Rørsla tek avstand frå moderne sionisme og i større eller mindre grad også frå staten Israel. Ein del nektar til dømes å bruka hebraisk som daglegspråk, ettersom dei reknar det som for heilage. Det finst likevel mange hasidiske institusjonar på israelsk territorium. Hasidiske jødar byrja busetja seg i området på 1700-talet.
Chabad eller habad er den største gruppa innan hasidismen i dag. Ho blei grunnlagd av Shneur Zalman (1745–1813) og fortsett av etterkomarane hans i den russiske landsbyen Ljubavitsji (Lubavich), slik at eit anna namn på rørsla er lubavicher/lubavitsjer. Rørsla driv fleire utdanningsinstitusjonar og bustadsområde, og søker aktivt å overtyda andre jødar til å halda dei ortodokse reglane.
Breslover-hasidisme blei grunnlagd av Nachman av Breslov i den ukrainske byen Bratslav (Breslov). Han skil seg frå dei andre retningane ved at rebben Nachman ikkje utnemnde nokon etterfølgjar, slik at rørsla ikkje har nokon levande leiar i dag.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hasidisme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.