Stillits: Art av sporvefuglar

Stillits (Carduelis carduelis) er ein art i finkefamilien (Fringillidae) og éin av tre artar i slekta stillitsar (Carduelis).

Stillits
C. c. carduelis
C. c. carduelis

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av stillits
Utbreiinga av stillits
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Carduelis
Art: Stillits C. carduelis
Vitskapleg namn
Carduelis carduelis

Arten finst i det meste av Europa og er relativt talrik austover til Kaspihavet, medan den blir meir sparsam lenger mot aust. Arten er livskraftig ifølge IUCNs raudliste, men han er sterkt truga av krypskyttarverksemd i det nordvestre Afrika (spesielt i vestre Maghreb). I Noreg hekkar han hovudsakleg på Austlandet. Reiret vert ofte plassert i hagar og parkar. Det er godt kamuflert, ofte høgt i eit tre. Stillits kan leggja egg frå byrjinga av mai til godt ut i juli.

Taksonomi

Stillits består som 12 underartar, fordelt i to distinkte klader. Nokre vel å dele disse kladene i to sjølvstendige artar; stillits (C. carduelis) og auststillits (C. caniceps). Det er ikkje semje om denne delinga.

C. c. loudoni blei tidlegare kalla C. c. brevirostris, medan C. c. major tidlegare blei kalla C. c. frigoris.

Biologi

Stillits: Taksonomi, Biologi, Stillitsen i kulturell samanheng 
C. c. caniceps skil seg frå nominatforma gjennom ei gjennomgåande mørkare fjørdrakt
Stillits: Taksonomi, Biologi, Stillitsen i kulturell samanheng 
Stillitsegg

Stillits er liten til mellomstor i storleik. Veststillitsar blir cirka 10,5–13,5 cm lange og veg typisk kring 9,5–24 g, unnatatt ssp. major som typisk veg kring 22–30 g, medan auststillitsar gjerne blir cirka 13–15,5 cm lange og veg typisk kring 16–19 g.

Fjørdrakta har stor fargeprakt, med innslag av ulike gråtonar, bleikbrunt, raudt, sitrongult, svart og kvitt. Når den i tillegg er ein flink songar, er det ikkje rart at den er populær i Mellom-Europa – diverre så populær at den blir fanga og sett i bur. I forrige hundreåret var den så etterspurd som burfugl i England at det vart dreve regulær fuglehandel, og opptil 132 000 stillitsar vart fanga på eitt år.

Her i landet er stillitsen ein mindre vanleg fugl og blir mest sett om hausten og vinteren. Den streifer då omkring i små flokkar, gjerne i tettbygde stråk, og besøker byløkker og andre opne stader der det veks borre, tistel og andre høge korgplantar. Frø av slike ugrasplantar, som stikk opp over snøen, er stillitse si viktigaste vinterføde, som tistel, borre, høymol og andre høge ugrasplantar, men òg litt bjørkefrø og insekt inngår i kosten. Fuglen er tillitsfull og lar seg ofte betrakte på nært hald. Vår og sommar ser vi den relativt sjeldan. Den hekkar årleg fleire stader rundt Oslofjorden, og det er òg funne reir på Jæren og Lista.

Det pussige namnet har stillitsen fått på grunn av lokketonane, som ofte blitt gjengitt som «stiglitt». No er ei bokstavleeg attgjeving av fuglelåtar vanskeleg, og somme fuglebøker gjengir lokketonane som «pu-ppupi-pupipupi». Varselropet er eit mjukt «ææi». Songen er ei ganske vakker, flytande kvitring som minner om kanarifugltriller, oppblanda med variantar av lokkeropet. Både hannen og hoa syng.

I Norge hekkar arten hovudsakleg kring Oslofjorden på Austlandet og, om enn meir sparsomt, i eit breidt belte rundt kysten opp til Trøndelag, der den er mest talrik i områda mellom Trondheim, Stjørdal, Levanger, Ørland og Hitra, og på øya Grip utanfor Kristiansund. Streifflokkar er å sjå særleg haust og vinter i låglandet over det meste av Sør-Noreg, men fuglen er meir sjeldan over Hardangervidda. Nordover frå Trøndelag blir han gradvis meir uvanlig, men ifølge Artsdatabanken er den observert heile vegen nordover til russegrensa. Den er dels stand- og streiffugl, men nokre individ trekk om vinteren sørover til kontinentet.

Reiret blir ofte plassert i hagar og parkar. Hoa bygger eit vakkert reir av frødun, røter, gras, mose og hår. Det er godt kamuflert, ofte høgt i eit tre. Stillitsen kan legge egg frå starten av mai til godt ut i juli, 4–6 egg som er blåkvite med brunlege flekkar som blir ruga av hoa i cirka 13 dagar. Hannen bringer mat, ungane blir fôra med oppgulp og flyg etter cirka 16 dagar.

Stillitsen i kulturell samanheng

Stillitsen er nytta av ei rekke kunstnarar i ulike samanhengar. Antonio Vivaldi skreiv Konsert i D-dur for fløyte med tilnamnet «Il Gardellino» (italiensk for stillits), der fløyta etterliknar songen frå fuglen. Carel Fabritius måla eit bilete av ein stillits i 1654, og dette bilete spelar ei viktig rolle i romanen Stillitsen (2013) av Donna Tartt.

Inndeling

Inndelinga og rekkefølgja hennar følger Birds of the World og er i samsvar med Clement, del Hoyo, Collar & Kirwan (2020) (2020). Norske namn på artane følgjer Norsk namnekomité for fugl og er i samsvar med Syvertsen et al. (2008). Namn og skildringar i parentes er ikkje offisielle namn, men berre mellombels til offisielle namn vert fastsett.

Treliste

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Stillits: Taksonomi, Biologi, Stillitsen i kulturell samanheng  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Stillits
Stillits: Taksonomi, Biologi, Stillitsen i kulturell samanheng 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Carduelis carduelis

Tags:

Stillits TaksonomiStillits BiologiStillits en i kulturell samanhengStillits InndelingStillits KjelderStillits BakgrunnsstoffStillitsAfrikaEggEuropaFinkefamilienIUCNs raudlisteKaspihavetKrypskyttarLivskraftigMaghrebReir

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jolly ColaFridtjof NansenÅkernesetSnøkvitKommunevåpen i NoregWayback MachineGlennIslandDet latinske alfabetetAgnetha Fältskog2001AmmanApparatturnMexicoHilde LyrånHertuginneOslolosenNasjonaldyrEdward SnowdenProstitusjonDatamaskinWiktionaryHarald V av NoregDanmarkStorspoveROBEKDusjanbeRaulandBjordalJa, vi elsker dette landetFredrik II av PreussenKaptein SabeltannPyramidekabalBygdedyretHenningsværbrueneBrest i FrankrikeGol vidaregåande skule1922Djengis khanO helga nattNederlandskAsteroidemåneVladimir LeninRichterskalaenInformasjonskapselBronkiektasi2000MoskvaBeaufortskalaenHiroki ArataniDr. JohnBiologisk familieStorbritanniaHundre års ensomhetHallgeir BrendenØJapanKakebuHerjedalenCERNInternasjonal telefonkodeTelemark fylkeSomaliregionenDet tyske herrelandslaget i fotballMaputoThoriumkraftverkIvar AasenTorpoAsbjørnsen og MoeSaltAlfred HitchcockTysdagGolden Globe🡆 More