Ein tallét, (hebraisk טלֵּית ṭallēt (klassisk) el.
טַלִּית ṭallīt (israelsk), fleirtal talletót) er eit jødisk bønnesjal med ein spesiell dusk, sisít, i kvart av dei fire hjørna.
Skikken for kven som brukar tallét varierer noko:
Alle sefardiske og askenasiske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.
I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet av er dette vorte vanleg i mange moderne askenasiske meinigheiter òg.
I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handsame talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå om lag fem- til sjuårsalderen.
Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinner og jenter:
Rabbanittisk jødedom fråråder i utgangspunktet bruk av tallét for ikkje-jødar.
Talléten blir bruka under bønn, hovudsakleg om morgonen og i nokon grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedanfor.
Talléten blir bruka av meinigheita under alle morgongudstenester, og dessutan under ettermiddagsgudstenester av dei som er tildelt ein spesiell misvá — som til dømes alijá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstenesta på sjabbát. På jom kippúr brukar meinigheita talletót under alle gudstenestene, inkludert kveldsgudstenesta. Nokre få grupper — først og fremst jemenittiske jødar — har på seg tallét under gudstenesta på fredag kveld.
Skikken varierer for den som leier gudstenesta: I nokre meinigheiter følgjer leiaren den same skikken som meinigheita, og i andre meinigheiter er det skikk at leiaren alltid har på seg tallét.
Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jrf. latinsk stola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tallét, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.