Jiddisch, jiddisk eller jødetysk er eit vestgermansk språk som blir tala av om lag fire millionar hovudsakleg askenasiske jødar over heile verda.
Før den andre verdskrigen og holocaust/shoah vart språket tala av kring ti millionar europeiske jødar, og det var daglegspråket deira, sjølve morsmålet (mame-loshn), mens hebraisk berre var synagogespråket. Språket oppstod i Sentraleuropa i høgmellomalderen som ei blanding av høgtyske og sentraltyske målføre, og med mange lånord frå hebraisk og arameisk — seinare òg frå slaviske språk. Namnet jiddisch tyder ‘jødisk’ og er opphavleg ei kortform for 'jidish taitsh', eller 'jødisk tysk'. Ordtilfanget er på om lag 80 % tyske ord — somme av desse er nærare standard høgtysk enn mange høgtyske målføre; jiddisch blir av og til òg sett på som eit tysk målføre. Jiddisch blir vanlegvis skrive med det hebraiske alfabetet.
Forfattaren Isaac Bashevis Singer (1904–1991), som skreiv på jiddisch, fekk Nobelprisen i litteratur i 1978. Den jiddischspråklege lingvisten Max Weinreich blir ofte nemnd som opphavsmannen til den mykje siterte utsegna «A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot» אַ שפראַך איז אַ דיאַלעקט מיט אַן אַרמײ און פֿלאָט, 'eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte', men han skal visstnok ha sitert ein tilhøyrar på ei av førelesingane sine.
Jiddisch kan grovt sett delast inn i vest- og austjiddisch. Til dei vestjiddische målføra høyrer mellom anna elsass-jiddisch og eldre tysk og nederlandsk jiddisch. Austjiddische dialektar inkluderer hovudgruppene litauisk jiddisch i nord og polsk jiddisch i sør. Dei jiddische målføra i det vestlege Polen, det austlege Tyskland og delar av Austerrike, Ungarn og Tsjekkia utgjer ein overgangstype mellom vest- og austjiddisch.
Typisk for vestjiddisch er skilnaden mellom lange og korte vokalar i kombinasjon med stort sett uendra vokalkvalitet frå mellomhøgtysk. Det heiter til dømes bētn (bede) og bettn (senger); hous (hus), vais (kvit) og bu’ch (bok). I ord med opphavleg diftong er det gjerne lengjing av førsteled eller full monoftongering: shtāin ~ shtān (stein); rāuch ~ rāch (røyk). Konsonantsystemet er mykje påverka av tysk både i germanske og hebraiske ord — slik heiter det til dømes gjerne tsēfer heller enn sēfer (tysk har ikkje ustemd framlyds-s).
Ordtilfanget i vestjiddisch er relativt lite påverka av slaviske språk. Blant typiske vestjiddische ord kan nemnast tsu óren (å bede) — jf. austjiddisch tse davenen.
Ein del jiddische ord blir bruka i skandinaviske språk. Desse orda er gjerne komne til skandinavisk gjennom tysk, nederlandsk eller engelsk — men i nokre fall òg direkte frå jiddisch.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jiddisch, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.