Talmúd jerusjalmí, òg kalla Den jerusalemske Talmud, Talmúd Eres Jisraelí, Den israelske Talmúd og Den palestinske Talmud, er eit kommentarverk til Misjná som vart samla og redigert kring år 350 i Galilea i det historiske Israel (den daverande romerske provinsen Palæstina).
Talmúd jerusjalmí skil seg ut frå Talmúd bablí ved vektleggjinga av landbrukslovene, ved ei noko mindre stoffmengd alt i alt, ved den ofte svært kortfatta uttrykksmåten og ved ei meir ufullstendig overlevering.
Talmúd jerusjalmí har vorte noko mindre studert enn Talmúd bablí og har av dei fleste rabbinske autoritetar blitt rekna som noko mindre viktig — men særleg blant romaniotes (greske jødar) har Talmúd jerusjalmí vorte inngåande studert. Blant rabbinske autoritetar frå andre tradisjonar som har lagt stor vekt på Talmúd jerusjalmí kan først og fremst nemnast den sefardiske filosofen Moses Maimonides.
Talmúd jerusjalmí inneheld, i motsetnad til Talmúd bablí, kommentarar til alle massekhtót (traktatar) av Séder Zera‘ím. Med unntak av Massékhet Berakhót, som handlar om velsigningar og bøner, handlar Séder Zeraím om landbrukslover — noko som var svært sentralt i det tradisjonelle agrarsamfunnet i Israel. Derimot har Jerusjalmí berre éin massékhet av heile Séder Tahorót, som handlar om rituell reinskap. Séder Kodasjím, som handlar om Tempelet i Jerusalem er heilt fråverande frå Jerusjalmí; truleg har dei urolege forholda i Israel ført til at ein ikkje kunne taka seg tid til å skrive om ting som ikkje var direkte nyttige i kvardagen etter at Tempelet fall i år 70.
Jerusjalmí er skrive på ei blanding av hebraisk og sterkt hebraisk-farga vest-arameisk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Talmúd jerusjalmí, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.