Arameisk er eit semittisk språk som er nært i slekt med fønikisk og hebraisk, som begge høyrer til den nordvestlege gruppa, og noko fjernare med arabisk.
Arameisk skrift blei brukt til å utvikla andre skriftsystem, og har mellom anna gjeve opphav til hebraisk og arabisk.
Arameisk | ||
Klassifisering | afroasiatisk semittisk sentralsemittisk nordvestleg | |
Bruk | ||
Tala i | Iran, Irak, Israel, Libanon, Syria, Tyrkia | |
Område | Midtausten | |
Arameisktalande i alt | ca. 2 millionar | |
Skriftsystem | arameisk, gammalsyrisk, hebraisk, mandeisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | Ingen | |
ISO 639-2 | Ingen | |
ISO 639-3 | Fleire |
Arameisk var daglegspråk i Judea under den andre tempelperioden (539 f.Kr.–70), og er brukt i fleire jødiske heilage tekstar. Det var truleg også språket til Jesus og dei han forkynde til. Arameisk var liturgispråk i tidleg kristendom, og ei form er framleis i bruk i syrisk kristendom. Moderne arameiske språk blir tala av spreidde grupper i Midtausten.
Arameisk utvikla seg blant aramearar nord i Syria på 2000-talet f.Kr. Det var brukt i bystatane Damaskus, Hamath og Arpad. Dei eldste skriftlege døma på språket er frå 900-talet f.Kr., hovudsakleg diplomatiske dokument sende mellom bystatane.
Arameisk spreidde seg nord- og austover og erstatta gradvis akkadisk som lingua franca i den fruktbare halvmånen i tida 800–600 f.Kr. På 400-talet f.Kr. blei det riksspråk i Persarriket. Standardisert riksarameisk blei brukt til å kommunisera i heile det store området Akamenide-dynastiet herska over. Samstundes utvikla språket seg i ulike retningar dei ulike stadene det blei tala, og frå det første hundreåret kan det delast inn i vest- og austarameisk.
Frå 600-talet, då veksten til islam medførte spreiing av arabisk, blei arameisk i stor grad fortrengd av dette.
| ||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Arameisk blei mykje brukt av jødar, som tidlegare hadde snakka hebraisk. Dei babylonske og jerusalemske versjonane av Talmud og nokre tekstar i Gamletestamentet er skrivne på arameisk (Esra 4,8–6,18 og 7,12–26, Daniel 2,4–7,28). Det er dermed svært truleg at Jesus og disiplane hans brukte språket. Seinare brukte også kristne og mandearar former av språket. Former av arameisk blir i dag brukt som liturgisk språk av syrisk kristne (gammalsyrisk), mandearar og samaritanarar.
Arameisk skrift blei utvikla frå det fønikiske alfabetet rundt 1000 f.Kr. Det blei både utvikla ei «firkanta» form som ein ser att i hebraisk skrift, og ei kursivform kjend som det syriske alfabetet. Dette gav seinare, gjennom nabateisk skrift, opphav til arabisk. Det mandeiske alfabetet er også utvikla frå det arameiske.
Wikipedia på arameisk
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arameisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.