Sjeḥitá (hebr.
tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdanna sjoḥét.
Dyra skal vera friske og uskadde før slaktinga finn stad. Slaktemåten er om lag den same som muslimsk halál-slakting; og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar.
To omsyn er avgjerande for korleis sjehitá blir utført: Forbodet mot å eta blod og respekten for alt liv.
Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans. For livet til ein skapning er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det. Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod.
Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som dei har lov til å eta, skal han la blodet renna ut og ha jord over det. For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut.
(3. mos. 17:10–14)
Dei grunnleggjande reglane for sjeḥitá er:
Da Tempelet i Jerusalem stod, vart blodet av dei dyra (storfe og småfe) som vart ofra der brent på altaret. Av andre dyr — slik som hjortedyr og anna tahór (reint) vilt — skal ein lata blodet renne direkte i jorda att, og ein skal dekkje over blodet med støv eller jord. Dette er òg praksis for storfe og småfe i dag.
For å vera sikker på at alt blodet er ute av kjøtet, må kjøtet saltast og vaskast før ein brukar det til mat. Dette må skje innan 36 timar, og i alle fall føre ein frys kjøtet. Dette treng ein likevel ikkje å gjera om ein skal grille det.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sjeḥitá, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.