Reformjødedom

Reformjødedomen ser den jødiske tradisjonen i lys av historia og vil tilpasse han til samtida.

Han er den største av dei jødiske retningane i USA med 1,3 millionar medlemmer, men i Israel står dei svært svakt. Mellom anna får rabbinarane deira ikkje lov til å vie ektepar der.

Reformjødedom
I typisk tysk-amerikansk reformjødedom blir bønene gjerne sagde på det lokale hovudspråket og kvinner og menn har dei same rollene i religiøs praksis.

Ein grunn til denne svake stillinga kan vere at reformjødar i eksil har vist mindre interesse enn andre og meir konservative retningar til å gjere alijá (innvandre til Israel).

Ein har eit meir liberalt syn på kvinner. Til dømes kan kvinner vere rabbinarar og kan sitte saman med menn i synagogen.

Dei ser det heller ikkje som nødvendig å halde gudstjenesten på hebraisk.

Få reformjødar held jødiske spiselover (kasjrút) strengt, men det er mange som held dei til en viss grad.

Reformjødane godtek som jødar personar som har anten jødisk far eller jødisk mor, i motsetnad til dei ortodokse jødane som ikkje godtek personar med ikkje-jødisk mor som jødiske anna enn ved konvertering. Dei tilbyr også relativt lettvint konvertering til jødedomen. Dette fører til sterk ueinigheit mellom reformjødane og dei ortodokse om kven som er jødar.

1800-talet var reformjødedommen svært kritisk til tradisjonell jødedom. Men dei seinare tiåra er jødiske ritual og symbol komne tilbake, slik som bruk av kippá (jødisk hovudplagg). Også utanfor synagogane er det auka interesse for jødisk religion, historie og kultur.

To ulike retningar reformjødedom

Reformjødedom 
«Israelitischer Tempel Poolstraße» i Hamburg.
  • Tysk-amerikansk reformjødedom: Den tyske og vanlegaste nordamerikanske forma av reformjødedom blir òg kalla liberal jødedom (særleg i Storbritannia og Nederland) eller progressiv jødedom i Europa og Israel i våre dagar. Dette er den klassiske reformjødedommen som han oppstod i Hamburg og vart overført til byen New York av tysk-jødiske emigrantar. Denne greina av reformjødedommen oppstod i Berlin og Hamburg i det askenasisk-sefardiske blandingsmiljøet der og som eit resultat av opplysningstida. Reformjødedommen definerte i byrjinga jødedommen som ein religion, heller enn som ein rase eller kultur; rituelle på- og forbod frå Toráen vart avviste; og ein la vekt på den etiske bodskapen frå Profetane. Den tysk-amerikanske reformjødedommen utvikla eit eige gudstenesteritual på det lokale hovudspråket og la vekt på personleg samband med tradisjonen heller enn på personleg rituell praksis. I dag har den tysk-amerikanske reformjødedommen generelt utvikla seg mot meir typisk jødisk rituell praksis att, og mange reformmeinigheiter har teke i bruk hebraisk språk i gudstenesta att og oppfordrar gjerne til i det minste nokre element av privat rituell praksis.
  • Britisk reformjødedom: Inspirert av den tyske reformjødedommen, men med mykje større vekt på jødisk tradisjon og rituell praksis, utvikla det seg ei separat form av reformjødedom i Storbritannia og nokre byar i Nord-Amerika. Denne greina, som gjerne blir kalla britisk reformjødedom, vart i utgangspunktet igangsett av sefardiske jødar og la mykje større vekt på kontinuitet i ritualet. I staden for overgang til det lokale hovudspråket, vart hebraisk språk styrkt i gudstenestene gjennom at arameiske bøner (slik som «Kaddísj») vart omsette til hebraisk. Denne forma av reformjødedom, som historisk sett liknar mykje på amerikansk konservativ jødedom finst i dag hovudsakleg i Storbritannia. I nyare tid har det vore noko tilnærming til tysk-amerikansk reformjødedom, og britiske reformjødar identifiserer seg gjerne meir med amerikansk reformjødedom enn med konservativ jødedom.
Reformjødedom  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Tags:

IsraelRabbinar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SukkerTuk-tukDen apostoliske truvedkjenningaDominicaDen julianske kalenderenMarit BjørgenAmanda DelaraStilarkSigmaWiki CommonsPeggy Sue14. desemberAndre verdskrigenPeoníaLimpopoAnne HoltPulitzerprisenAlaskaNordahl Griegs vegTønsberg kommuneRave On!Cornelis VreeswijkAustraliaJerpeGåsChampions LeagueLøveQueenLitauenHenny MoanStoplesteinaneRWilliam ShakespeareMidtbanespelarLærdalstunnelenÅrhusDire Straits av Dire StraitsHøgaste fjell i EuropaZazaiskItaliensk salatBjørnstjerne BjørnsonFilmen Harry Potter og FøniksordenenKristian Fredrik av NoregJesusYacouba Isaac ZidaKommunevåpen i NoregHändels MessiasEli Kari GjengedalErik AndersenIslandPjokken EideAbkhasiaSjtipMarina OvsiannikovaFlash Gordon av QueenVåpenskjoldBosnia-HercegovinaObeliskHåkjerringDet japanske herrelandslaget i fotballIALA maritime bøyesystemDelaware Art MuseumEuphoria av LoreenEdvard VII av StorbritanniaMakedonskSamuel WennbergAnne B. RagdeAbbaHarald EiaSandsøya i SandeOffisielt språkValdresEvolusjon🡆 More