Sjemá‘ Jisraél (hebraisk שְׁמַע יִשְׂרָאֵל , «Høyr, Israel!») eller Sjemá‘ er namnet på den jødiske truvedkjenninga.
Kjerneverset er 5. mosebok 6:4:
שְׁמַ֥ע יִשְׂרָאֵ֑ל יהו֥ה אֱלֹהֵ֖ינוּ יהו֥ה ׀ אֶחָֽד׃
[Šəma‘, Jisrā’ēl; Ădōnāj Ĕlōhēnū, Ădōnāj — eḥād!]
“Høyr, Israel: Den Evige er vår Gud, den Evige er éin!”
Sjemá‘ i si kjerneform var kampropet åt presten som kalla israelsfolket til kamp mot fienden (5. mos. 20:3; Talmúd Bablí, Sotá 42a). Det er dei siste orda i den døyandes truvedkjenning og det har vore dei siste orda for mange martyrar som vart torturerte og drepne for truskapen sin til Toráen.
Om rebbí ‘Aqibá er det sagt at han tolmodig heldt ut medan kjøtet hans vart rive opp med jarnkammar og at han døydde medan han sa Sjemá‘. Han uttala det siste ordet, אֶחָד [eḥād] (‘éin’) med siste andedraget sitt. (Talmúd Bablí, Berakhót 61b)
På liknande vis som ein i dag svarar «amén» til signingar som inneheld Gudsnamnet, så fanst det eit svar til ytringar som inneheldt Gudsnamnet i Tempelet i Jerusalem. Den nøyaktige ordlyden vart noko utvida i løpet av århundra, og under dei siste generasjonane at Det andre tempelet stod var tilsvaret: ברוך שם כבוד מלכותו לעולם ועד׃ Ein gjennomgang av kjeldene ved Jerry Brem har vist at uttalen av dette svaret i Tempelet truleg var:
בָּרוּךְ שֵׁם כָּבוֹד. מַלְכוּתוֹ לְעוֹלָם וָעֶד׃
Bārūkh Šēm Kābōd; malkhūtō lə‘ōlām vā‘ed.
Signa vere det æra Namnet; Riket Hans i all æva.
I samband med morgongudstenesta i Tempelet vart Sjemá‘ sagt fram som ein del av Qeriát Sjemá‘-ritualet mellom tamíd-offeret (det daglege brennofferet) og ketóret-offeret (røykjelsesofferet). Qeriát Sjemá‘-ritualet er skildra slik i Misjná, Tamíd V:1:
Sa han åt dei [= åt prestane], tempelstyraren: «Sign de signing éi!» og dei signa; [og] dei las dei ti boda, Sjəma‘ («Høyr [Israel]»), Vəhājā im šāmōa‘ («og det skal skje om de høyrer etter»), [og] Vajjómer («og han sa»). Og dei signa [deretter føre] folket tre signingar: [1:] Emet vəyaṣṣīḇ («sant og visst») og [2:] ‘Aḇōdā («[Guds]teneste») og [3:] Birkat kōhanīm (prestesigninga); og på sjabbáten la dei til signing éi åt det utkommande [preste]vaktskiftet.
Av dette kan vi utleie dette tekstoppsettet frå den siste tida at Det andre tempelet stod:
I synagogar medan Tempelet i Jerusalem enno stod, vart Sjemá‘ framleis utført med Dei ti boda. Kring dei første par århundra evt., da Tempelet vart øydelagt av romarane, kristendommen skilde seg ut som eigen religion og den jødiske munnlege Toráen vart kodifisert og nedskriven i Misjná, vart Dei ti boda tekne or Sjemá‘. Grunngjevinga var at «hamminím» (‘dei fråfalne’, dvs. dei jødisk-kristne), hevda at Dei ti boda var heile lova og resten av Toráen var uviktig. (Talmúd Jerusjalmí, Berakhót I:5) Skikken å inkludere Dei ti boda — anten direkte føre Sjemá‘ eller noko tidlegare i morgongudstenesta — heldt seg likevel i ein del synagogar i Eres Jisraél (det noverande Israel/Palestina) fram til krosstogstida og i nokre synagogar i Egypt heilt fram til 1300-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sjemá‘ Jisraél, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.