Hønsehauken (Accipiter gentilis) er ein mellomstor rovfugl i haukefamilien som held til i tempererte strok av den nordlege halvkula.
Hønsehauk | |
Hønsehauk | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar Utbreiinga av hønsehauk | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Underfamilie: | Accipitrinae |
Slekt: | Accipiter |
Art: | Hønsehauk A. gentilis |
Vitskapleg namn | |
Accipiter gentilis |
Arten var på norsk raudliste 2006, der han hadde status som sårbar, men var i 2010 justert ned til nær truga, i 2021 tilbake til sårbar.
Hønsehauken er den største arten i slekta Accipiter. Hannfuglen er 49-57 cm lang, med eit vengespenn på 19-105 cm. Hoa er mykje større enn hannen, med ein kroppslengde på 58-64 cm og eit vengespenn på 108-127 cm og kan vega opptil 2 kg. Hannen er blågrå ovenpå og spragla grå under, medan hoa er skifergrå over og grå under.
Fuglen har korte, breie venger og ein lang stjert som hjelper han å styra mellom trea i skogane han lever i. Hønsehauken flyg karakteristisk med fem seine vengeslag og så glideflukt.
Hønsehauken er avbilda på flagget til Asorane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hønsehauk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.