Siddúr (hebraisk סִדּוּר eller ִסִידּוּר, 'ordning') er ei jødisk bønebok som kan innehalda liturgien ein bruker i synagogen, salmar, bøner knytt til dagleglivet og signingar til bruk i mange ulike høve.
Ein siddur kan ha bøner for kvardagar og/eller sjabbát. Boka inneheld ofte òg bøner for dei tre valfartsfestane pesah (påske), sjabu‘ót (pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Ei bønebok for spesielle helgedagar blir gjerne kalla mahzór.
Den første kjende handskrivne bøneboka blei laga av rabbineren Amram Gaon i Babylonia på 800-talet. Seinare blei det laga bønebøker tilpassa dei varierande tradisjonane til ulike jødiske samfunn. Det største skiljet har gått mellom askenasisk og sefardisk tradisjon, men det går også skilje mellom bønebøker for dei ulike religiøse retningane i jødedommen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Siddúr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.