Praha

Praha ( Høyr) eller Prag er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia.

Byen ligg ved elva Moldau i den tidlegare austerrikske provinsen Böhmen. Frå 1993 utgjer Böhmen saman med Mähren Tsjekkia. Frå 1992 har det gamle sentrumet i byen stått på UNESCO si verdsarvliste. Praha var tidlegare òg hovudstaden i Tsjekkoslovakia.

Praha
by
Praha
Utsyn over Praha slott
Praha
Flagg
Praha
Våpenskjold
Land Praha Tsjekkia
Areal 496,21 km²
Folketal 1 357 326 (1. januar 2023)
Postnummer 1xx xx

Praha
50°05′15″N 14°25′17″E / 50.0875°N 14.421388888889°E / 50.0875; 14.421388888889
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Wiki Commons: Prague
Praha
Hradčany-slottet med Karlsbrua til høgre i framgrunnen.
Praha
Loretto

Historie

Byen vart grunnlagd på slutten av 800-talet og vart raskt sete for kongane av Böhmen. Nokre av desse kongane var òg keisarar av det tysk-romerske riket. Byen blomstra under Karl IV si regjeringstid på 1300-talet. Mellom anna voks bydelen Nové Město fram i denne tida. Elles kan nemnast Karlsbrua, St. Vitus-katedralen – den eldste gotiske katedralen i Sentraleuropa. Karlsuniversitetet er det eldste universitetet nord for Alpane. På denne tida var Praha Europas tredje største by.

Med Böhmen kom byen under Habsburgarane og Austerrike-Ungarn. Dei fire uavhengige kommunane som tidlegare utgjorde Praha, vart slegne saman til ein by i 1784. Desse fire var Hradčany, (slottsdistriktet, vest og nord for slottet), Malá Strana (den mindre byen, sør for slottet), Staré Město (gamlebyen, på austsida av elva) og Nové Město (den nye byen, lenger sør og aust). Byen voks vidare med annekteringa av Josefov i 1850 og Vyšehrad i 1883, og i byrjinga av 1922 vart 37 kommunar innlemma i byen. Slik auka innbyggjartalet til 676 000. Byen hadde òg etter at Böhmen vart avstått etter fyrste verdskrig ein stor del tysktalande innbyggjarar. Mange jødar, mellom anna Franz Kafka), budde i byen. Mange av jødane tala tysk, og det var eit rikt kulturliv. Mestedelen av dei 50 000 jødane døydde i Holocaust under andre verdskrig, noko som også i stor grad førte til slutten på det tyske preget på byen.

I august 2002 fann det stad ei alvorleg oversvømming i Praha, der delar av byen måtte evakuerast. Flaumen gjorde store skadar, men lukkelegvis vart ingen viktige landemerke øydelagde.

Verdt å sjå

Mellom turistattraksjonar kan nemnast:

  • Staré Město
  • ymse stader forbunde med Franz Kafka
  • Malá Strana
  • Hradčany med Slottet i Praha og St. Vitus-katedralen
  • Karlsbrua
  • John Lennon-muren
  • Torget i gamlebyen og den astronomiske klokka
  • Jødekvarteret
  • Wenceslas-torget
  • Nasjonalmuseet
  • Vyšehrad slott

Kultur

Praha er tradisjonelt eit kulturelt senter med mange teater, operahus, konserthus, galleri og musikklubbar.

Høgskular og universitet

I tillegg til Karlsuniversitetet har byen sju andre universitet og høgskular, inkludert Det Tsjekkiske Tekniske Universitetet grunnlagd i 1707. Film kan studerast ved FAMU, den tsjekkiske filmhøgskulen frå 1950-talet.

Transport

Offentleg transport i Praha vert utgjort av tre undergrunnsliner i tillegg til ei mengd trikkeliner og bussliner.

Utanfor byen ligg Ruzyně International Airport, som er hovudflyplass for flyselskapet ČSA Czech Airlines.

Ymse

Praha er òg sete for dei fleste viktige kontor og institusjonar i Tsjekkia, inkludert presidenten, regjeringa og parlamentet.

Folketalssutvikling

    1230: om lag 3-4 000 innbyggjarar 1
    1370: om lag 40 000 2
    1600: om lag 60 000 2
    1804: 76 000
    1837: 105 500
    1850: 118 400 (157.200 inkl. forstader)
    1880: 162 300 (314.400 inkl. forstader)
    1900: 201 600 (514.300 inkl. forstader)
    1925: 718 300
    1950: 931 500
    1980: 1 182 800
    1998: 1 193 300
    2001: 1 169 100

Noter:

    1 Berre Staré město
    2 Staré město, Nové město, Malá Strana og Hradčany
    Tala er for det folketalet som til ei kvar tid har vore innanfor Praha sine administrative grenser (inkludert nåverande bydelar i parentes).

Sjå òg

  • Defenestrasjonane i Praha

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Praha  Commons har multimedium som gjeld: Praha
Praha  Reiseguide for Praha frå Wikivoyage

Tags:

Praha HistoriePraha Verdt å sjåPraha KulturPraha Høgskular og universitetPraha TransportPraha YmsePraha FolketalssutviklingPraha Sjå ògPraha KjelderPraha BakgrunnsstoffPrahaBöhmenFil:Cs-Praha.oggHovudstadHøyrMoldauMährenTsjekkiaTsjekkoslovakiaUNESCO si verdsarvliste

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OrbitalBergenWienerklassisismenEtanolOrganistDet norske alfabetetNasjonalrettNM i bryting 1974Stord kommuneTau23. aprilPanterRonja RøverdatterTidslinje over norsk historieKlima i ArgentinaLamíaEli Skolmen RygArtemisJesusFinding DoryBodø kommuneOlivettiSamisk kulturMegawattPalauTutrakanStavanger kommuneDesta Marie BeederOboDanmarkAspropótamos i TríkalaNasjonaldagEikefjordAugust den sterkeKristiansund BallklubbEdderkoppar i kulturenChampions LeagueSovjetunionenJonas LieSyndikalisme27-årsklubbenDet internasjonale fonetiske alfabetetPakistanGoiásSpedbarnStore norske leksikonFranz LisztPeriferieininga TríkalaIdrettshallKoparDigital object identifierRådyrLuciano PavarottiSpesifikk varmekapasitetValdresEngelskNasjonaldyrEkstaseIngrid Alexandra av NoregDen norske språkstridenFridomssosialismeSymbol i hinduismenSørøya i FinnmarkRagnhild BrochmannPilt-OlaGunnhild SundliGrodagenVierslektaGrunnstoffliste etter atomnummerTrekanthandelBloggNord-AmerikaWayback Machine🡆 More