Universitet (frå latin universitas, heilheit) er eit ord på ein høgare utdanningsinstitusjon som gjev undervisning og driver forsking på ymse vitskaplege område.
Dei første universiteta vart grunnlagde i Bologna, Oxford og Paris omkring 1100-talet. Det eldste i Nord-Europa er universitetet i Rostock, grunnlagt 1419. Dei eldste skandinaviske universiteta er universitetet i Uppsala, grunnlagt 1477, og Københavns Universitet, grunnlagt 1479. I Noreg vart Universitetet i Oslo det første då det i 1811 vart grunnlagt som Det Kgl. Frederiks Universitet.
I løpet av seinmellomalderen vart universitet sett på som prestisjeprosjekt iverksett av fyrstar for å auke statusen til landet sitt.
I Noreg er universitet eit lovverna namn.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Universitet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.