Mangostan

Mangostan (Garcinia mangostana) er eit tre i slekta Garcinia, med ei purpurfarga, velsmakande frukt som er om lag like stor som ein mandarin.

Mangostan
Mangostan
Mangostan
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Clusiaceae
Slekt: Garcinia
Art: Mangostan G. mangostana
Vitskapleg namn
Garcinia mangostana

Mangostan kjem truleg opphavleg frå Sundaøyane og Molukkane i Søraust-Asia. Frukta er kuleforma, med eit tjukt skal og 5-7 saftige, kvite frøkapper rundt frøa.

Mangostantreet blir 6-10 m høgt. Det er blitt utbreidd på grunn av den velsmakande frukta. Treet veks berre i tropeklima, og frukta held seg dårleg. Jamvel frøa døyr ved transport over lange avstandar, fordi dei tørkar ut. Det har difor ikkje vore særleg mykje import av denne frukta til vår del av verda, og der frukta er å få tak i, er prisen svært høg.

Skalet på frukta frå mangostantreet skal ha vore brukt som naturmedisin i Søraust-Asia.

I nokre alternativmedisinske krinsar har frukta fått eit rykte som universalmiddel som skal førebyggja og lækja ei rekkje sjukdommar. Mangostanfrukta og jus frå denne frukta vorte marknadsført i Vesten som eit kosttilskot med nærast mirakuløse eigenskapar. Det vert mellom anna påstått at frukta inneheld svært mange antioksidantar og såkalla COX-2-hemmarar, og at desse skulle verka smertestillande og betennelsehemmande.

Mangostan
Mangostan

Skalet til mangostanfrukta inneheld mykje antioksydantar og svært mange ulike bindingar som inneheld xanthon. Desse stoffa har eigenskapar som ein trur kan vera helsefremjande, men forskinga på xanthon har enno ikkje kome så langt at vitskapen har kunna konkludera eintydig med at mangostan har desse positive eigenskapane. Skalet har ein særs bitter smak, og jusen vert difor blanda med jus frå andre bær og frukter for å få ein god smak. Ein får difor ikkje den vidgjetne smaken av mangostanfrukta i jusen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

FruktMandarinMolukkaneSundaøyaneSøraust-AsiaTre

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Ralph Waldo EmersonTraneNihilisme29. juniTriasAl-Bustan i OmanStavenesSylvi ListhaugHundThaiSuveren statMorfologi i biologiPikoKirkeristenLeikanger kommuneAkselGalileo GalileiHollandKattGjest BaardsenNitrogenThívaBiologisk ordenTyrkiaCristiano RonaldoGrønlandsleiretFemtiøringBrasilGro DahleKvadratmeterVictoria av StorbritanniaAmalie SkramJebel Akhdar i OmanDei sameinte arabiske emirataZinédine ZidaneKaptein SabeltannPlantarAngolaO helga nattArgentinaTanágraAlderspensjonMatrjosjkaHolmenkollmedaljenRussisk rockMeter per sekundCotangensSamuel MassieBrunFranskFuruFlaggdagarLeksikonAlbert ÅbergJonas Gahr StøreFile Transfer ProtocolEiffeltårnetDen norske språkstridenBengaltigerLønnNoreg2020Eirik BrandsdalOppland fylkeSt. PetersburgOkhotskhavetKorrespondentHeerenveenUkrainaSigmaMont Saint-MichelBlåmannPN-overgang🡆 More