Daddel er frukta frå daddelpalmen (Phoenix dactylifera) i daddelpalmeslekta i palmefamilien.
Daddelpalme | |
Daddelpalmar i Marokko | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Palmeordenen Arecales |
Familie: | Palmefamilien Arecaceae |
Underfamilie: | Coryphoideae |
Stamme: | Phoeniceae |
Slekt: | Daddelpalmeslekta Phoenix |
Art: | Daddelpalme P. dactylifera |
Vitskapleg namn | |
Phoenix dactylifera |
Ein dyrkar dadlar i tørre delar av Asia og Nord-Afrika, særleg i oasar. Daddeldyrking er særleg viktig i Midtausten.
Daddelpalmen er eit mellomstort tre, 15-25 meter høgt, som kan ha fleire stammar frå same rotsystemet eller ein enkel stamme. Blada er 3-5 meter lange.
Daddelfrukta er eigenleg eit bær som inneheld eitt frø. Ein har brukt dadlar til mat i Midtausten i tusenvis av år. Dei har vore dyrka frå Mesopotamia til Egypt, kanskje så tidleg som 4000 f.Kr Arkeologiske funn tyder på at dadlar kan ha vore kultiverte aust i Arabia i 6000 f.Kr
Daddelpalmar blir dyrka for frukta, for å gje ly og som prydplante.
Eit 2000 år gammalt daddelfrø frå Masada nær Daudehavet vart i 2008 det eldste frøet i verda ein har fått til å spira. Førebels undersøkingar har vist at planta deler omtrent halvparten av DNA-et med tre moderne variantar av daddelpalmen, frå Egypt, Irak og Marokko.
Daddelpalmen har lenge vore ein viktig kulturplante i området ho veks i. Han er nemnd fleire gonger i Bibelen og Koranen, og blir mellom anna nytta til å byggja lauvhytter under den jødiske sukkothøgtida. Palmegreinene er mellom anna eit symbol for siger, og kan brukast til å markera palmesundag. Innan islam er det vanleg å bryta fasta under ramadan med dadlar og vatn. Ifølgje tradisjonen likna Muhammed ein god truande med daddelpalmen.
Daddelpalmen er eit nasjonalsymbol for Saudi-Arabia, som nytter han i riksvåpenet. Han er også avbilda på pengar og frimerke frå Algerie, Libya og Tunisia.
I Noreg er daddelpalme ein framandart som er innført som matvare, og det er funne frøplanter som har spira på deponi for matavfall kring Oslofjorden og i Trøndelag frå 1950.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Daddel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.