Koranen (arabisk القرآن) er den heilage skrifta i islam.
Ho består av profeten Muhammed sine openberringar.
القرآن | |||
Ei side i ein andalusisk koran. | |||
Språk | klassisk arabisk | ||
---|---|---|---|
Blei til | 631 | ||
Sjanger | religiøs litteratur, heilag skrift |
Koranen består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at dei lengste suraene kjem fyrst, og dei kortaste sist, med unnatak av den korte fyrste suraen som er ei sentral bøn i islam.
For dei truande er Koranen bokstaveleg Guds ord, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Koranen er skriven på arabisk, og omsetjingar vert ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av Koranen.
Koranen vart fyrst omsett til nynorsk av Einar Seim i 1965, men ikkje gjeven ut.
Den fyrste fullstendige norskomsetjinga av Koranen vart gjeven ut av Universitetsforlaget i 1980, omsett av Einar Berg.
I 1996 kom den andre norske omsetjinga av Koranen, utgjevne av Islams Ahmadiyya Menighet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Koranen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.