Al-Hofuf (òg Hofuf , Hofof' eller Hufuf, òg kalla Al-Hasa og Al-Ahsa, arabisk الهفوف, al-Hufūf) er eit stort bysenter i Al-Ahsa-oasen i Austprovinsen i Saudi-Arabia.
Området er kjent som ein av dei største daddel-produsentane i verda, og for dei gamle marknadane og slotta som ligg her.
Hofuf | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Hofuf | ||
Koordinatar | 25°23′N 49°35′E / 25.383°N 49.583°E | ||
Folketal | 1 500 000 (2014) | ||
Borgarmeister | Bin Jalawi | ||
Provinsguvernør | Saud bin Naif | ||
Retningsnummer | +966-13 | ||
Hofuf 25°21′39″N 49°35′59″E / 25.3608°N 49.5997°E | |||
| |||
Wiki Commons: Hofuf | |||
Byen ligg i innlandet, sørvest for Abqaiq og Dhahran–Dammam–Al-Khobar storbyområde langs vegen sørover til Haradh. Han er den mest nærliggande byen til det kjende Ghawar-feltet, eit av dei største landbaserte oljefelta i verda.
Hofuf er eit av dei store kultursentera i Saudi-Arabia, og mange kjende familiar bur her. Fakulteta for jordbruk, veterinærmedisin og dyreressursar under Kong Faisal universitet ligg i byen (resten ligg i Dammam).
I følgje segna er staden gravplassen til Laila og Majnoon frå ei av dei mest populære kjærleikssogene i den arabiske og muslimske verda. Dronninga av Saba skal òg ha vitja byen frå kongedømet sitt i Jemen.
Historisk sett var Hofuf kjend for tekstilar av ull, silke og bomull. I 1920 var byen kjend for kaffikanner av sølv og messing.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hofuf, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.