Conchita Wurst

Thomas Neuwirth (fødd 6.

november">6. november 1988 i Gmunden) , òg kjend som Tom Neuwirth og Conchita Wurst, er ein austerriksk songar og dragartist.

Conchita Wurst
Conchita Wurst
Fødd6. november 1988
FødestadGmunden i Oberösterreich i Austerrike
FødenamnThomas Neuwirth
AliasTom Neuwirth og Conchita Wurst
OpphavAusterrike
Aktiv2006–
Sjangerpop
Instrumentklarinett, vokal
Stemmetypelyrisk tenor
PlateselskapSony Music, Sony Music Entertainment Austria
Verka somSongar og dragartist
PrisarEurovision Song Contest 2014, 100 Women, Amadeus Austrian Music Award, 100 Women

Eurovision

Österreich rockt den Song Contest

I 2012 deltok Wurst i Österreich rockt den Song Contest, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012, under namnet Conchita Wurst og enda på andreplass med songen «That's What I Am».

Eurovision Song Contest 2014

Conchita Wurst 

11. september 2013 vart det klårt at Wurst skulle representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Österreichischer Rundfunk valde songen «Rise Like a Phoenix», som vart framført på engelsk. Austerrike delok i den andre semifinalen der landet vann med 169 poeng; tolv frå Finland, Irland, Sveits, Hellas, Romania, Italia og Storbritannia, ti frå Malta, Israel, Gerogia, Polen, Litauen og Slovenia, åtte frå Noreg, sju frå Kviterussland, seks frå Makedonia og fire frå Tyskland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 155 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 138 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen der det vann med 290 poeng; tolv frå Sverige, Italia, Slovenia, Finland, Spania, Sveits, Nederland, Storbritannia, Belgia, Portugal, Israel og Irland, ti frå Island, Noreg, Frankrike, Ungarn, Malta, Gerogia og Litauen, åtte frå Ukraina, Romania og Danmark, sju frå Tyskland og Moldova, seks frå Latvia, fem frå Russland og Albania, fire frå Estland, tre frå Makedonia, to frå Montenegro og eitt frå Aserbajdsjan. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 311 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 224 poeng. Dette var den andre gongen Austerrike vann Eurovision Song Contest, førre gong var i 1966.

Valet av Wurst var kontroversielt i Austerrike, og fire dagar seinare hadde over 31 000 personar trykka «like» på ei «Anti-Wurst»-Facebookside.

I oktober 2013 ville Informasjonsdepartementet i Kviterussland at den kviterussiske kringkastaren Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus skulle redigere bort framføringa til Wurst. Dei frykta at framføringa ville vere med på å framheve synd. I desember 2013 henda noko liknande i Russland.

Eurovision Song Contest 2015

Under ein pressekonferanse 19. desember 2014 der Österreichischer Rundfunk presenterte Mirjam Weichselbraun, Alice Tumler og Arabella Kiesbauer som programleiarar for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, vart i tillegg Wurst presentert som programleiar for green room. Ho opna den fyrste semifinalen med å framføre «Rise Like a Phoenix» saman med Radio-Symphonieorchester Wien, og som pauseunderhaldning i finalen framførte Wurst «You Are Unstoppable» og «Firestorm». Saman med Weichselbraun, Tumler, Kiesbauer, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.

Kjelder

Fotnotar

Tags:

Conchita Wurst EurovisionConchita Wurst KjelderConchita Wurst FotnotarConchita Wurst19886. novemberGmunden

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Magnus CarlsenGrunnstoffliste etter atomnummerRundeGlukoseFolkestyreUrfolk i USATreeiningaRasofiel RiseKopparHammarby IF FFMauser-rifle M98Bulgaria25. aprilDie WelleMatriarkJebel Akhdar i OmanKvartsVanylven kommuneTettstader i RogalandSverigeFylkesveg 515KleopatraWiki CommonsGeorg Wilhelm Friedrich HegelFylkesveg 751PN-overgangRadioaktiv strålingØstfold fylkeFlodsvinTom HagenSMS-språkHege Tunaal1968Det buddhistiske livshjuletNautisk milDet latinske alfabetetBetaOslo kommuneSvake substantivLiberalSteinFlaggdagarMeter per sekundPolitiBalkanBiologisk familieEto Ne LjubovEmma WatsonItalienskHøgnorskESymbolPartikkelSosialliberalismeEli Kari GjengedalProgrammeringsspråket JavaSør-SudanInófytaVeneziaSolan GundersenMMMolde kommuneInternasjonal telefonkodeAfroamerikansk litteraturNorsk folkedansJernLand i Eurovision Song ContestSnøstjerneDet tredje riketSørlandetSymbol i hinduismen2019Johannes VermeerKjerringa med stavenKolonialhandelNoreg🡆 More