Hjul

Hjul er ein sirkel- eller sylinderforma konstruksjon som kan rotera på ein aksel.

Hjulet vert rekna som ein av dei enkle maskinane i fysikken. Det kan brukast for å gjera om lineær rørsle til rotasjonsrørsle. Eit hjul er bygd opp av tre delar: Nav inst, krans (hjulring, felg) ytst, og eikene eller skive mellom desse.

Hjul
Tidleg bilhjul.
Hjul
Leikehest med hjul frå det antikke Hellas.

Historie

Hjulet vert òg rekna som ei av dei viktigaste oppfinningane i historia til menneska. De fleste plasserer oppfinninga av hjulet i Mesopotamia kring 4000 f.Kr. Det ser også ut til å ha vorte oppfunne i Kina omkring 2800 f.Kr. uavhengig av Mesopotamia. Blant sivilisasjonar på den vestlege halvkula finn ein hjulliknande gjenstandar i samband med leiketøy frå kring 1500 f.Kr.

Hjul på bilar

Grunnen til at det er hjul på ein bil er at han skal kunne røre seg (rulle), og bere vekta av seg sjølv, passasjerar og last. Vidare vil hjula òg gjere det mogleg å styre bilen. Hjula overfører kreftene frå motoren til vegen slik at bilen akselererer, eller bremsar (retarderer). På moderne personbilar er eit hjul sett saman av ein felg og eit dekk. Felgen er gjort av eit metall, oftast stål eller ei legering av lettmetall som for eksempel aluminium, magnesium eller liknande. Det har vore ei rivande utvikling særleg dei siste 30 åra både når det gjeld felgar og dekk.[treng kjelde]

Tannhjul

Eit tannhjul er ein del av drivverket i mekaniske innretningar som til dømes urverk. For utdjupande artikkel sjå tannhjul.

Patent på hjulet

I juli 2001 klarte John Keough, ein advokat frå Melbourne i Australia, å ta patent på hjulet. Han skildra hjulet i søknaden som ein «sirkulær gjenstand som gjer transport mogleg». Meininga var å vise at moderne patentlover er unøyaktige og urettferdige, slik at uærlege personar lett kan dra nytte av andre sine oppfinningar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Hjul  Commons har multimedium som gjeld: Hjul
Hjul  Denne teknologiartikkelen som har med transport å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Hjul HistorieHjul på bilarHjul TannhjulHjul Patent på hjuletHjul KjelderHjul BakgrunnsstoffHjulEnkel maskinNav

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Garden KatthultEarl ScruggsHepatitt C-virusIranStyresettJolene av Dolly PartonKlanenWiki CommonsDonald DuckEtanKalkulusJon FosseDet tredje riketDen norske språkstridenMicrosoft WindowsTatjana TomasjovaAspropótamos i TríkalaSamisk kulturJean-François MilletVladimir PutinDurgaIndonesiaPeriferieininga TríkalaHandball-EM 2004 for mennTrekanthandelMånenSunnhordlandsdialektReinheitsgebotSola kommuneTidvatnBiologisk familieVesle GaldhøpiggenTenaza PeakPanserbataljonenKenth EldebrinkMP3AustraliaValdresNorsk fonologiSauAndre verdskrigenTutrakanStavanger kommuneSamleieRimBizkaiaCarl LarssonKlima i Nord-AmerikaLønnPierre-Simon LaplaceRusslandFørste maiHistorisk oversyn over kommunar i HordalandSjakkPeriklesGrunnstoffliste etter atomnummerCharlène av MonacoMetéora i TríkalaPakistanEritreaMartin ØdegaardOmanBjørnøyaTelemark fylkeVipeIndiaErik AndersenNorsk folkedansInflasjonHellerman Rocks🡆 More