Stiftsstad

Ein stiftsstad er ein by som er sete for ein biskop.

Staden har ei domkyrkje med domkapittel og domkyrkjeforsamling og utgjer dermed hovudsete for eit kyrkjeleg stift. Jamfør omgrepa residensstad og hovudstad. Omgrepet vart innført etter reformasjonen.

Folkekyrkjene i dei nordiske landa

Danmark

Den danske folkekyrkja har stiftsstader i København, Helsingør, Roskilde, Odense, Maribo, Ribe, Haderslev, Viborg, Ålborg, Århus og i Nuuk (Godthåb) på Grønland.

Finland

Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland har stiftsstadene Åbo, Tammerfors, Uleåborg, S:t Michel, Borgå, Kuopio, Lapua, Helsingfors og Esbo.

Den finske ortodokse kyrkja har stiftsstadene Joensuu, Helsingfors og Uleåborg

Island

Den islandske kyrkja utgjer eit einaste stift med Reykjavik som stiftsstad.

Noreg

Den norske kyrkja hadde stiftsstader fram til 1. januar 1919 då omgrepet bispedømme erstatta stift. Fram til 1919 var Trondheim, Bergen, Oslo, Hamar, Kristiansand, Stavanger (fram til 1682 då Kristiansand overtok) og Tromsø (formelt frå 1844). I ein kort periode var Alstahaug (1804−1828) sete for biskopen, men var formelt sett ikkje eige stift og dermed heller ikkje stiftstad.

I dag er desse stadene bispesete med domkyrkje: Trondheim, Bergen, Oslo, Bodø, Fredrikstad, Hamar, Kristiansand, Molde, Stavanger, Tromsø og Tønsberg.

Sverige

Den svenske kyrkja har som stiftsstader Uppsala, Linköping, Skara, Strängnäs, Västerås, Växjö, Lund, Göteborg, Karlstad, Härnösand, Luleå, Visby og Stockholm.

Kjelder

Tags:

Stiftsstad Folkekyrkjene i dei nordiske landaStiftsstad KjelderStiftsstadBiskopByDomkapittelDomkyrkjeHovudstadResidensstadStift

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PadleneSagaen om IsfolketSilkeormEli Kari GjengedalOphiocordyceps unilateralisAnne RimmenLastebilVoss heradCornelis VreeswijkSosialliberalismeNorske militære gradarTokyoAristotelesGrodagenHindugudarVelosipedRonja RøverdatterSørlandetTanágraHelena BrodtkorbJonsokJaktaDervenokhóriaATanzaniaSymbolVictoria av SverigeMagnus CarlsenRussisk litteraturIstanbulSionistCarl Philip av SverigeUtviklinga av traktorenDet nederlandske koloniriketÅmot i ModumTutankhamonYafaBiologisk familieSvaleurtDinosaurarSad i OmanSandnesGarnLungebetennelseDaddelThemsen26. aprilListe over primtalEuropiumStolt henrikListe over norske nyordHomofiliLiberalProfessor emeritusMólos-Ájos KonstandínosEgyptKevin VågenesMediaWikiSkeiselandskampen Nederland–Noreg 1974VeneziaKvadratmeterSteinCotangensKrøllalfaO helga nattDen etiopiske kalenderenHumlePeter BoszLewis CapaldiDet latinske alfabetetStareJolene av Dolly PartonRaudstrupeKopparKumøkk🡆 More