Tammerfors (svensk), finsk Tampere, er ein by i Finland.
Med 204 385 innbyggjarar (2006) er han den nest største byen i Finland og den største innlandsbyen i Norden. Tammerfors ligg mellom innsjøane Näsijärvi og Pyhäjärvi.
Tammerfors/Tampere | |||
Tampereen kaupunki Tammerfors stad | |||
by | |||
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Region | Birkaland | ||
Areal | 524,89 km² | ||
Folketal | 204 385 (2006) | ||
Tammerfors 61°29′53″N 23°45′36″E / 61.498055555556°N 23.76°E | |||
Tammerfors i Finland | |||
Wiki Commons: Tampere | |||
Byen blei grunnlagd av Gustav III av Sverige den 1. oktober 1779 ved fossefalla mellom sjøane Näsijärvi og Pyhäjärvi, der det blei bygd ei demning. Namnet på byen kjem frå dette, fors (foss) og damber (demning). Den lokale vasskrafta førte til rask utvikling av industri i området, og vidare ein eksplosiv folketalsauke. I laupet av dei tretti åra frå 1820 til 1850 voks innbyggjartalet frå rundt tusen til tre tusen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tammerfors, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.