Kristiansand: By i Agder

Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Agder med 66 576 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune.

Kristiansand
stad
Kristiansand: Historie, Samferdsel, Vennskapsbyar
Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen.
Land Kristiansand: Historie, Samferdsel, Vennskapsbyar Noreg
Fylke Agder
Kommune Kristiansand
Areal 25,12 km²
Folketal 66 576  (2023)
Folketettleik 2 650 / km²
Innbyggjarnamn kristiansandar
Preposisjon i Kristiansand

Kristiansand
58°08′48″N 7°59′44″E / 58.14671°N 7.9956°E / 58.14671; 7.9956
Wiki Commons: Kristiansand (city)

Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.

I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.

I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.

Historie

Byen vart grunnlagt av og kalla opp etter den dansk-norske kongen Christian IV i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.

Den siste store bybrannen skjedde i 1892 og mange trehus brann ned. Denne delen av byen vart reist opp att i mur. Den eldste delen av byen er kalla Kvadraturen og har hatt same dei gatelinjene fram til i dag.

Busetnaden som har vakse ut over bykjernen består i hovudsak av bustadområde. Vest for sentrum er Tinnheia og Hellemyr, og i aust er områda Gimlekollen, Lund, Kongsgård, Randesund og Tveit. I sørvest er bydelane Flekkerøy, Vågsbygd og Slettheia.

Samferdsel

Kristiansand er eit regionalt knutepunkt for transport og kommunikasjon, med samband både innan- og utanlands. Byen er norsk ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 gjennom Setesdal. Byen har jernbanesamband til Stavanger og Oslo via Sørlandsbanen. Kristiansand Havn er ei av Noregs største hamner og har hurtigbåt- og ferjesamband til Hirtshals. Kristiansand lufthamn, Kjevik ligg 16 kilometer nordaust for byen og har direkte samband med Oslo, Stavanger, Bergen, København, London, Aberdeen og Amsterdam.

Vennskapsbyar

I Norden

I andre land

Sjå òg

Kjelder

«Kristiansand» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Kristiansand HistorieKristiansand SamferdselKristiansand VennskapsbyarKristiansand Sjå ògKristiansand KjelderKristiansand BakgrunnsstoffKristiansandAgder fylkeKristiansand kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KonsensusmodellenTor Erling StaffRomandieOddvar BråElbaSjangerJa, vi elsker dette landetDet polske flaggetAbugidaFacesEJødedommenYuan-dynastietMesopotamiaColombiaFreiaKoyaanisqatsiHøgaste fjell i EuropaNikolaj DahlMichael UhrmannRundePetter SalstenSekretær som møbelDeltaI Dovregubbens hallPodsolMoskvaprosessaneSymbolJoe BidenØrsta kommuneStilarkJapanUnicornRabagastGitarforsterkarKapellFranz LisztHydrogenNorges IshockeyforbundLittle WalterAegisSlaget om StalingradErik AndersenDiktOne Hundred and One DalmatiansThomas JeffersonRussiskStrategispelBjørkefinkSudanDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenMichael TetzschnerKappløpet om AfrikaMartha SkrettebergHilde LyrånInca Garcilaso de la VegaAmalie SkramPeter ŠťastnýROBEKLonnie MackRådyrCharlène av MonacoR.S. ThomasPetter NorthugAsker kommuneLondonThorleif HaugEuropaLundefuglUkrainaBrigitBritiske monarkarOperativsystemWehrmachtRye i East SussexThe First Cut Is the DeepestVaskesetelKabelsporvogn🡆 More