Silkeorm (Bombyx mori) er ein nattsvermar kjend for larven sin, som produserer naturleg silke.
Silkeorm | |
Silkeorm | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Sommarfuglar Lepidoptera |
Familie: | Bombycidae |
Slekt: | Bombyx |
Art: | Silkeorm B. mori |
Vitskapleg namn | |
Bombyx mori |
Silkeormader er dermed svært viktige økonomisk. Ein silkeorm et berre lauvet frå morbærtre. Dei stammar frå nordre Kina.
Silkeormen har fått namnet sitt fordi han spinn kokongen sin av råsilke. Kokongen er laga av ein samanhengande tråd av råsilke som er mellom 300 og 900 meter lang.
Silkeormar har god appetitt og et morbærlauv både dag og natt. Difor veks dei òg veldig fort. Når fargen på hovudet deira vert mørkare tyder det at det er tid for å skifte skinn. Når dei har skifta skinn fire gongar får dei ein meir gulaktig farge og skinnet deira blir mindre. Dette er teikn på at dei snart vil dekke seg sjølve med ein kokong av silke.
Om larven et seg ut av kokongen sin på naturleg vis vert trådane forkorta og dermed av mindre verdi. For å forhindre dette vert kokongane lagt i kokande vatn, som drep larven men gjer det lettare å nøste opp kokongen. Sjølve larven vert ofte eten opp.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Silkeorm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.